Daily Archives: 11. oktober 2016

Eit levande rom på Hundorp

I det nye rommet Mimes brunn på Hundorp kan alle sette seg rundt eit bord og tenkje og trivjast og oppleva den rike skulehistoria. Måndag 10. oktober vart det nye møte- og dokumentasjonsrommet på Dale-Gudbrands gard opna. Her er GDs reportasje fra opninga. 50 hyllemeter med bøker frå folkehøgskuletida, to meter sangbøker, digitaliserte fotografi av nesten alle elevkulla og mykje anna som teiknar ein viktig del av kulturhistoria i Midtdalen. Alt sett opp og lagt til rette av Rasmus Stauri og kosta av eigaren Øyvind Frich. På denne filmen kan du vere med på opninga. Og Mimes brunn er alt i bruk. Historielaget har styremøte her.

fhmote

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk, Språk

Passivitet og bygdesladder

Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til

bydgebl1

CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen heldt fram. Men i mellomtida – frå 1970 til 1972 – ga Fron kommune ut eit bygdeblad med namnet Fronsbygdin. (Fron var ei kommune den gong, frå 1966 til 1976.) -Vi har frå fleire hald fått høyre at det er behov for et blad av denne typen, skriv redaktøren i første nummer. Kritikken kom fort. Bladet ga berre eit positivt bilde av Fron kommune: -Etter mi meining er det ikkje lite som er skeivt og skakt i kommunen vår, skriv signaturen A.Ø. A.R. var ikkje nøgd med namnet: Det

kunne til nød gå an på boka til Ivar Kleiven, men på dette bladet passer det på ingen måte. Eg syns at Fronsposten er eit godt namn. Dersom bladet skal komme ut i 1971 synes eg redaksjonsnemnda bør ta opp namnespørsmålet til ny vurdering.

Og her er nemnda, som heldt fast på namnet: Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon