Ei trist historie

Striden mellom rydningsmenn og bønder

husmannstue-copy

Husmannsstugu. Foto: Pål Kluften

EINAR HOVDHAUGEN: Få stader i dalen har striden mellom rydningsmenn og bønder vore så hard og bitter som i Nord-Fron.Vi opplevde her så drastiske hendingar som at bønder reiv ned og brende opp husa rydningsmannen hadde bygt på rydningsplassen sin. Vi ser rydningsmenn bli kasta ut av rydningsplassane sine. Så seint som i 1750-åra gjekk ein mann frå Skåbu i gang med å rydde seg gard på Skjeftskogen eller Olstad. Han var nære på å få det godkjent som sjølstendig skattebol, men bøndene greidde hindre det.

Frå 1600-talet har vi ei rekke tvistar og saker om slike rydningar, frå Sødorp, Ruste, Kvam, og serleg om rydninga på Koloa. Og det var synet til bøndene som vann fram alle stader.

Les meir: Hovdhaugen skriv om den bitre striden i Koloa

Striden mellom rydningsmenn og bønder på Nord-Fron er ei trist historie. Bøndene var harde og strie og stod ofte, slik kan det i allfall synast for oss, i utrengsmål vakt om sine interesser. På den andre sida må vi nok innrømme at med det omfang folkepresset fekk, ville ei fri rydding i utmark ikkje ført fram. Det var ikkje jord til levedyktige sjølstendige bruk det fleste stader i bygda, med den tids dyrkingsmetodar.

Les meir: Hovdhaugen skriv om husmannen – einaste mulege løysning på folkepresset

På 1600-talet tar eit visst folkepress til å gjere seg gjeldande. Først nå tar folketilveksten etter Svartedauen seg for fullt oppatt, og det blir spørsmål om nye buplassar og heimar. Ein stad laut folk få bu. Etterkvart veks det fram mange skrinne heimar, ei stugu med ein liten jordflekk til, der dei kunne ha ei ku eller nokre geiter. Vi finn dei i Kvam, på Kviknebaksida, og her og der i bygda. Vi får såkalla jordlause husmenn, og på 1800-talet ei temmelig talrik gruppe inderstar og lausfolk, heilt eigedomslause folk, sjølve botnproletariatet i bydesamfunnet, som lever av dagarabeid, betling og fattighjelp. Vi ser f.eks. korleis det på 1800-talet veks fram ei grågrend i Skåbu sameige. I 1865 bur der 134 menneske i 26 heimar. Mange av dei berre ei stugu. Jakt, fiske, litt handverk, betling og hjelp av bygda var levevegen for mange av dei.

Les meir: Hovdhaugen skriv om dei som åtte absolutt ingenting

Rydningsbola til rydningsmennene vart lagt under gardane som husmannsplassar. Korleis dei enkelte husmannsplassar er oppstått, veit vi mindre om. Truleg er somme av dei oppstått etter initiativ av bøndene ut frå ønske om å skaffe seg fast arbeidskraft. Men vi møter mange eksempel der det direkte heiter at ein mann har fått løyve av bonden til å rydde seg ein husmannsplass, så pågangen har kanskje vore like sterk frå den sida. I slike tilfelle ser vi ofte at husmannen eig både husa og rydningsretten til plassen. Han kan selja og har krav på vederlag både for husa og rydningsretten, men sjølve plassen eig bonden. I slike høve har vi ei blanding av eigartilhøva.

Les meir: Hovdhaugen skriv at skåbyggingane, i motsetnad til mange andre stader, har hatt eit romsleg syn på busetting i allmenninga.

Folkepresset skapte eit stadig press på bøndene etter nye husmannsplassar. Eit press som ofte går langt utover det behov garden arbeidsmessig hadde for nye husmenn.

Etter kvart fekk mange av dei større gardane eit stort tal av husmenn. Det varierar mykje. Det låg ikkje like mykje brukbar jord til alle gardar. I 1865 har Nigard Harildstad 12, Hov 8, Lo 9, Nordgard Kongsli 10, Sygard Kongsli 17, Nordgard Tokse 9 og Veikle 15 husmenn, for å nemne nokre av dei gardar som hadde flest.

Frå Gardar og slekter i Fron bind II

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s