Vel møtt på Heggerud!

Historielaget inviterer til markvandring tysdag 6. september

Skjermbilde 2016-08-30 kl. 10.14.38Her budde sorenskrivaren og russiske offiserar. Hit flytta dei hus frå nikkelverket i Espedalen. Her er det gamle fangstgraver. Bli med på markvandring og få spennande gardshistorie om Heggerud gard tysdag 6. september 2016 kl. 18.00. Arne Wadahl  og Geir Paulsrud vil møte oss på garden.

1981951_443284832441610_423144542_nArne fortel frå den spennande historia rundt gardflytting omkring 1860. Om kjøp og flytting av hus frå Espedalsverket og ned til Harpefoss. Sorenskrivargard i 30 år. Hageanlegging. Amund H. Wadahl kjøper Heggerud 1898. Fleire av den russiske tsarens offiserer blir busett på garden etter revolusjonen vinteren 1917- 1918. Gamle fangstgraver. Fiske i Laugen. Geir og Arne tek oss med på vandring etter gamle vegspor. Geir vil orientere bl.a. om den gamle kongevegen frå 1600-talet. Kongsvegen – horisontalvegen frå 1860. Eldre vegspor. Vi sluttar av med kaffe og biteti i fjoset.  Helsing styret i Fron Historielag1779779_442831629153597_604388437_n

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s