Ho prøvde med smeik og kjæling

Per Gynt var ein staut og røsleg kar, og huldra låg etter han.

pg5

Korkje Per eller Peer let seg skræme av uvanlege kvinnfolk. Mads Ousdal og Marie Blokhus ved Gålåvatnet 2016. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Han var støtt så ettersett av hulder og underbuande, han Per Gynt, når han var til fjells. Ho hadde det med det mykje iblant, huldra, at ho låg etter skyttarane og fiskarane. Han Per var ein staut, røssleg kar, og det var helst slike ho prøve komme seg inn med, ho kunne prøve både med smeik og kjæling og med skremsle og trugsmål. Men Per Gynt var nå ikkje den som korkje let seg lokke eller skræme, korkje av hulder eller troll.

Ein gong han låg ved Atnasjøen, var det ikkje beinet å få, enda det var fullt opp av fisk i kvar ei vik; han vart sint der han sat  i båten og fiska i måfå – nei, da visste han ikkje ordet av det, før det freste og storskratta bakenfor han: det var huldra som var ute med sine pellemento. Han tok til å by henne både det eine og det andre om han kunne få fisk slik han var van med, men han fekk barre kaldflir til svar.

«Kva er det du vil ha, da?» spurte Per til slutt.

«Får eg vera jenta di, så?» sa hon.

«Ja, det skal du få – men kom att ved dette leite i morgon, så skal oss talast ved. Nå lyt eg fiske.»

Og nå var det likt til det var fisk å få. Han Per tok så mykje han ville.

Eftan etter kom huldra attende og var sleikjande blid, men Per prøvde å dra seg unna. Til sist gjekk ho beint på:

«Kjem du i hau kva du lova meg i går, du Per?»

Per gjorde seg stygg og banna svært på at han ikkje hadde lova henne noko, da vart ho redd og gav seg.

Men sidan var han ofte ute for huldra, og ho gjorde han ofte fantestreker. Ein kveld Per skulle til å koke graut i Atnsjøbua, la huldra seg over ljorholet, så han heldt på å kvevast av røyken. Nå hadde Per greie på at huldra ikkje toler røyk av brent brød, og da han brende opp mykje av brødet sitt, skydde huldra, så han fekk kokt seg ei skarve suppe i snøggheita. Da gjekk det opp ein glott i døra, og det kom inngjennom ei nase som ein stor skotpose: «Ser du nasen eg føre du», spurde det. «Ser du suppa eg rører du?» sa Per og smurde ei sleiv av den linne, kokande grauten over den digre nasen. Med det same vart det skratt og leven borte i haugen: «Goro Suptryne, Goto Suptryne!» høyrde han det ropte.

Frå Fronsbygdin 1930, s 321 ff, publisert her første gong 12. mai 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s