Monthly Archives: juli 2016

Vart historia om Per Gynt brend?

hågå

Var det ein gamal ungkar her som brende styggeleg mykje brev?

IVAR KLEIVEN: Av alle dei fjellmennene og veidarane som Fronsbygdene har hatt gjennom tidene, er det ingen som har vorte så namnspurd som Per Gynt. Mange av dei andre har ôg vore spurde, både innabygds og i grannbygdene og omtala av bygdefolket med vyrdnad og vellæte, fordi dei var framom dei andre med rifla, anten det var bjørn eller rein det galdt å veide. Men Per Gynt har vore mestsom far for dei alle, han, og når dei andre gilde fjellmennene kanskje har fått eit godt ord i strøk her i dalen, kan ein seie at Per Gynt har vorte landskjent, ja utom landgrensene, testmeir. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Seterminne

Nr. 225 Hanna Holten Lien på Veslesetra, Øvre Bergumsetra.

Hanna Holten Lien på Veslesetra, Øvre Bergumsetra. Alle foto frå Oskar Letrud/Vegar Skar

Nr. 3 Budeiene på Gravdalen 1931, se tekst i register.

Budeiene på Gravdalen 1931 har besøk av grammofon

Nr. 228 Brekkasetra på Gravdalen, Forann f.v. Magda Stø, Anne Veikleenget,Kari Viken, Anne Brekken Stø, Ella og Åse Sunberg (Oslojenter), Pauline Myren, Maria Fossen, Trygve Fossen.

Brekkasetra på Gravdalen. Fra v: Magda Stø, Anne Veikleenget, Kari Viken, Anne Brekken Stø, Ella og Åse Sunberg (Oslo-jenter), Pauline Myren, Maria Fossen, Trygve Fossen

Nr. 47 Dyrking på setra. Marta Søndenfor, Asbjørn Olaf Stormorken ved plogen, ungguten er Sverre Letrud, Johan Søndenfor, Anton Søndenfor og Ole Letrud

Dyrking på setra. Marta Søndenfor, Asbjørn Stormorken ved plogen, ungguten er Sverre Letrud, Johan Søndenfor, Anton Søndenfor og Ole Letrud.

country

Country-festival

2 kommentarar

Filed under Setring

Per Gynt og megga Grisilla

Ivar Kleiven har mykje å fortelle om´n Per

dsc_2076

Vart Grisilla til Den grønnkledde hos Ibsen? Marie Blokhus i Erik Ulfsbys regi på Gålå.

IVAR KLEIVEN: Det var riktig noko til kar, han Per Gynt! Han skulle vera i stor velmakt ôg, har det vore sagt. og ein mektig mann i bygda og kunne leggje eit ord med i laget, som vog tungt. Langfantane var i gamle dagar ei fæl o-åte som var til stor plage for bygdene, og kom dei på avsides stader der dei kjente seg trygge, gjekk dei radt på med vold og makt og stygdest ikkje for å støkkje eit menneskjeliv.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn

Alle har fått dram

dram

Dette bildet er frå Vinstra, seier Gudbrandsdalsmusea og Digitalt Museum, og det er tatt i 1945. Med norsk flagg. Og den merkelege kommentaren: Alle har fått dram. Feirar dei freden? Nokon som veit noko?

Kommentar frå Ola Løkken:

Dette bildet er frå heimplassen min, Lykkjom i nedre Sødorp. Til høgre sit mor mi, Margit Lykkjom, så til venstre Magnhild Hage (Mellomsdokken), til høgre halvbror til far, Harald Løkken (Skinnehaugen). I framkant ser vi ryggen til Vegard Hage. Ole Hage, far til Vegard sit bak med armen rundt Magnhild. Bildet er vel teke fredsdagen i 1945. Og i barnevogna ligg eg, Ola Løkken.

Kommentar frå Paul Henrik Hage:

Dette er eit kjent bilde for meg. Eg har det i ein album etter mor mi, Mabel, og det var også ho som tok det. Eg er meir enn forundra over korleis det har kome inn i arkiva til Digitalt Museum og Gudbrandsdalsmusea. Bildet er frå feiring av frigjeringsdagen den 8. mai 1945 på Lykkjom i Nedre Sødorp.

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig