Historia om eit dynetrekk

Korleis Steberg-bunaden vart til

bunad2

Den fyrste som fekk Steberg-bunaden, Dagny Bø Tøndevold 1970. Foto: Ellen Steberg

KIRSTI KREKLING: I 1940-åra vart det funne att eit brodert ulltrekk på ei underdyne på garden Steberg. Det er vanskeleg å tru at dynetrekket kan vera tenkt til anna enn eit stasplagg – eit skjørt eller ein livkjole. Broderte bunader i dag har førebiletet sitt i draktskikken prega av rokokko på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet.

bunad1

Kari Steberg i Steberg-bunaden på konfirmasjonsdagen i 1998 (til høgre). Medkonfirmantane er frå venstre Mari Elise Sveipe, Aud Hytten og Mona Stavnhaugen. Foto: Mats Borgen

Ut frå bervarte plagg ser det ut til at skjørt med blomsterbroderi har breidd seg i Ottadalen. Skikken med broderte underskjørt som er kjent frå fleire kantar av Norge, er ikkje å finna i Gudbrandsdalen.

Fram til omlag 1830 var kvinnekleda skjørt og liv eller trøye. Moten med samansydd liv og skjørt tok over, og med det livkjolesnittet som finst i kvinnebunadene i dag.

Dynetrekket på Steberg er heimevovi av handspunni tynt ullgarn, i blått og fleire raude nyansar og er overrronda. Det vil seie at tyet har skiftevis einsfarga blå og stripete fleirfarga flater med smale striper på tvers, som dannar ruter. Dei einsfagra blå flatene har 42 ulike broderte blomstermotiv i annakvar rute. Broderiet er utført med eintråds ullgarn i ulike sjatteringar av grønt, raudt og gyllent med små innslag av brunt. Trekket er sydd saman av høgder på 60 cm breie og 77 cm lange. Høgdene er samansydde med maskin, men har spor etter handsaum i naturfarga lin.

Eit vesentleg spørsmål dukkar opp under analysen av tyet: Øvst er det spor etter påteikningar som ikkje er broderte. Er det teikn på at dette tyet aldri vart brukt slik tanken var? Det er vanskeleg å tidfesta stoffet, men det kan vera produsert for omlag 200 år sidan. Heilt sikkert må vil gå ut fra at det vakre stoffet var tilverka til kledeføremål. Kan tyet vera produsert i norddalen og ha komi til garden med ei kvinne derifrå, eller er det tilverka på garden etter eit førebilete i Ottadalen?

I krigsåra vart det gjort forsøk på å rekonstruera tyet, men det fanst ikkje garnkvalitet i handelen, som var godt nokjeigna. På 1950-talet vov Marta Nytrøen eit ty så likt originalen som råd var. Ullgarnet kom frå Røros Tweed. På 1970-talet vart det laga to eksemplar av Steberg-buaden av dette tyet til Dagny og Randi Bø Tøndevold. Ei kvinne frå Lesja broderte og sydde bunadene.

Med dynetrekket som førebilete vov Pål Brandvol Toxe stakkety til nye bunader på 1990-talet. Garnet var spesialfarga for Steberg-bunaden og kom frå Rauma fabrikker. Elisabeth Alme broderte blomstermotiva i ullgarn, og dei tre bunadene fekk livstykke av raud ulldamask.

Det finst fem eksemplar av Steberg-buadene i dag.

Frå Fronsbygdin 2007, publisert her første gong 14. desember 2015

¨

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s