Litt av ein skuleveg

Storlykkjejentene gjekk ni vêrharde km kvar veg

storløkken

Petter Storløkken med dei tre jentene sine og ei venninne som er på besøk. Frå venstre: Mildri, Mina Melgårdshagen (1926-1983), Aud (på armen) og Synnøve. Foto: Borgfinn Rolvsbakken.

JOHAN DALSEG OG EINAR ROLVSBAKKEN:  Ein gong Rolfskarane, Alfred og Einar, skulle kjøre ved frå Søre-Dalen, kom dei ut for skikkeleg snøstorm. Oppe på Breislaå møtte dei høykjørarar som hadde tenkt seg til Jensås etter høy, men hadde snudd i det umulege vêret. Da Alfred og Einar kom inn til Storsteinane, skvatt fremste hesten til og glåmde. To toppluer stakk opp mellom steinane, og der sat to jenter som hadde søkt ly i snøkavet. Dei fekk skyss heimatt til Storlykkja.

I dag ville det vore heilt utenkjeleg dersom små jenter skulle hatt ein slik skuleveg som den Storlykkje-jentene hadde, men for berre vel 60 år sidan var skulevegen deira ni km ein veg med stor høgdeforskjell. Fyrst var det frå Storlykkja og opp til Breislåa på 190 m, og deretter 410 m ned til skulegarden (Øvertun). Den snaue og vêrharde Breislåa gjorde ikkje vegen lettare.  Snøføyka vinterstid kunne vere hard nok for vaksne å koma igjennom.

Far deira, Petter Storløkken, brukte å trakke veg opp til setervegen, som var kjørt med hest vinterstid. Der hadde jentene skia sine ståande ved Melgårdsbakken. I tillegg hadde Petter spikka bjørkestavar, som jentene brukte til å kjenne seg fram med når uvêret hadde gøymt sleaspora. Ved Kaldvassåra fremst på Breislåa sette dei att skiene, for der hadde dei kjelke som vart brukt ned til bygda.

Skuledagen kunne ofte bli svært lang. Den gamle skulemeisteren O. K. Sæther var så ivrig i tenesta at han tidt og jamnt gløymde klokka. «Tiden løper fra meg», sa han. Dette slo urettmessig ut for jentene fra Storlykkja, som hadde den lange heimvegen å ta fatt på. Fyrst drog dei kjelken med seg opp til Kaldvassåra, brukte skiene over Breislåa og til slutt føtene ned til heimen.

På heimtur var jentene ofte innom på Rolvsbakken og kvilte seg litt. Synnøve har fortalt at dei sette umåteleg stor pris på Elise på Rolvsbakken for at ho synte dei slik godhug.

storløkken2

Storsteinane, der Storlykkje-jentene søkte ly. Einar Rolvsbakken og Reidun Hovden. Reidun er dotter til Ingrid Isumhaugen, dotter til Karen Isumlien som var syster til Petter. Foto: Rasmus Stauri

Under krigen var det hardt for sko. O. K. Sæther skulle sjå over skoene til elevane og koma med råd til Forsyningsnemnda om kven som mest trong nye sko. Ein gong fekk ikkje jentene frå Storlykkja nye sko, kva nå grunnen kunne vera, men Sæther kunne ôg ha omsorg for jentene. Ved skuleslutt ein dag oppdaga han at saumen på skoen til ei av jentene hadde sprotna, og fingernem som han var, fann han fram messingtrådbunten og tråkla saman att overlæret.

Petter Storløkken vart i alle fall harm den gongen det ikkje vart nye sko  og heldt jentene heime frå skulen ei veke til saka løyste seg.

Elles var det neppe nokon konflikt mellom Petter og O.K. Sæther, og sistemnde arrangerte fleire gonger skuleturar til Storlykkja. Da kjøpte han inn for eigne pengar så bestemora Marit kokte kakao til elevane.

Som andre ungar hende det nok også at jentene i Storlykkja ein sjeldan gong kjende seg tunge i hovudet og sa frå om  det. «Da har døkk i allfall itte trehuggu», sa Petter.

Petter (1893-1967) var siste fastbuande eigaren på Storlykkja. Han var son til Petter O. Ånde, (1851-1917) og Marit, født Melgårdshagen, (1861-1953). Petter var gift med Anna, født Melgårdshagen i 1909, Ho døydde berre 22 år gamal.

Anna og Petter hadde tre jenter, Synnøve (1928-1982), Mildri (1930-1997)vog Aud (1931-2004). Aud var berre fire månader gamal da mora døydde. Da dette hende, budde Petter med familien på Rolvstadbakken, men da han vart åleine med dei tre småjentene, flytta han attende til mora Marit i Storlykkja. Såleis vart det bestemora Marit som vart «mor» for jentene.

Petter og Marit var av eit særs hardtydd folk, noko som kom godt med på det avsidesliggjande bruket. Til vanleg hadde dei 3-4 kyr og gris, men ingen hest – Petter var gamp sjølv. Mjølk leverte dei ikkje, men kinna av overskotet.

 

Redigert utdrag frå artikkelen «Storlykkja – ein buplass verdt å minnast» i Fronsbygdin 2005. Publisert her første gong 5. februar 2016

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn

2 responses to “Litt av ein skuleveg

  1. Gerhard Gjerding

    Det var artig å lese om Storlykkja. Vi har ikke solgt Storlykkja ennå. Er der lite nå. Har mange gode minner der. Får se om vi tar en tur til sommeren.

  2. Ellen G. G. Bitustøyl

    Arven etter mor, Storløkken, er nå til salgs. FINN kode: 104026040.
    På Storløkken kan storfamilien møtes om det er sommerferie, jul eller påske. Vi har vært 15 personer og fire generasjoner samlet. Her kan tradisjonene få grobunn og dugnadsånd og fellesskap få fritt rom.

    På Storløkken er det mange muligheter, men nå gir vi stafettpinnen videre, til nye eiere som kan glede seg til kvalitetstid med mange opplevelser.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s