Førarhuset i bilen var soverom

rolstad

I 1947 hadde Erling Rolstad skrapa saman pengar nok til ein gammal lastebil. Det vart starten på ei stor entreprenørverksemd. Han var aktiv i firmaet heilt fram til juni 2012, da han gjekk bort nestan 89 år gammal. Bilde frå familie og heimeside.

HANS ODENRUD: Ti år gammal tok Erling Rolstad jobb som pelsdyrrøktar ved sida av skulegangen. Da han vart ferdig med folkeskulen, fekk han arbeid som gardskar og tømmerhoggar på Solbrå. Her vart han verandre i fire år. Erling arbeidde jamt og trutt, og han spinka og spara. Han hadde sett seg eit mål. I 1947, 24 år gammal, hadde han pengar nok til å kjøpe ein gammal lastebil av Trygve Wadahl. Frå nå av var han med i konkurransen om kjøreoppdrag, men det var ingen lett bransje den gongen. Det vart kravd stor styrke og god rygg av sjåføren, som svært ofte måtte stå for lasting og lossing, som regel med handmakt. Kubikk på kubikk av tømmer vart rulla på lastebilen – med handmakt. Og kor mange lass med gråstein og murstein som vart lasta med handmakt. veit han ikkje sjølv ein gong. På Harpefoss jernbanestasjon skulle stappfulle jernbanevogner med sement lastast av i full fart og så kjørast til anlegg. Sementsekkene vog 50 kg den gongen, ikkje 25 som i dag. I ein periode var det streik ved NSB, og sementsekkane måtte da hentast frå Slemmestad ved Oslo, i alt fem turer nestan uten kvile. Både da og seinare vart førarhuset i bilen soverom for Erling.

Tidlegare kunne kven som helst ta på seg transportoppdrag med lastebil. Frå 1947 måtte dei som skulle kjøre gods, ha løyve frå Samferdslenemnda. Det vanlege var einmanssløyve, kvar eigar hadde ein bil og var sin eigen sjåfør. Til og med på bilskilta stod det «leievogn», slik at ingen skulle vere i tvil.

Det var stor aktivitet i Fron i desse etterkrigsåra. Nye vegar skulle byggjast og mange gamle utbedrast. Store område vart nydyrka. Og med store byggeprosjekt var det stor etterspørsel etter trelast, og føgjeleg mykje tømmerhogging og tømmerkjøring.

I Fron vart det også kraftutbygging. I mai 1947 tok A/S Høyer-Ellefsen til med Vinstra-utbygginga på vegnar av Vinstra kraftselskap. Her vart det bruk for folk både med og utan lastebil og små underentreprenørar med maskiner. På eit kraftanlegg skal alt gå fort, og det er viktig at arbeidet ikkje stansar. Det er ein Klondyke-stemning, der den som er snøgg til å snu seg, kan tene brukbart. I 1955 starta arbeidet med Øvre Vinstra kraftanlegg.

Mange skaffe seg lastebil i Fron i desse åra, og nokre som hadde kjørt før, investerte i nye bilar. Problemet for dei aller fleste var å skaffe kapital, det vil seie lån. Sparebanken var liten og svært påpasseleg, og mange ønskte å satse, Ikkje alle hadde råd til å kjøpe nytt, og ofte gjekk mykje tid og energi med til reparasjonar og vedlikehald.

Erling Rolstad og lastebilen var med på mykje av aktiviteten.

Redigert utdrag frå artikkel i Fronsbygdin 2012. Publisert her første gong 24. oktober 2015

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s