Kvinnene i Fron

Ei kvinne i Fron: Janna Lien gjekk bort i 1978 etter ein tragisk brann. Godt vaksne frøningar hugsar den gode og treffande replikken ho kunne koma med, og sjølv i dag så mange år i ettertid blir ho hermt og fortalt om. Kommentarar frå Facebook: Liv Irene Myrløkken: Husker godt ho Janna, vi var litt redd ho for ho prata så rart. Husker ho holdt i tennene sine da ho prata for at de ikke skulle falle ut. Janna var nok itte dum, hadde mye fornuftige i seg. Bjørg Mimmi Almås: Koselig å sjå bilde…minne meg om ein replikk ho sa i eit barselbesøk: Han er stor og pen te at du itte har gått lenger me’n…..ho fekk det vel itte te å bli nok mnd ette bryllupet til fødsel. Toril Gudbrandstuen: Trivleg å sjå att ho Janna. Ho gjekk for å vera “tullåt” men når en teinkje på my tå di ho sa inkun gongen, va ho heillan fyrry si tid.Synd at ho skull ende sine dåggå slik ho gjorde, det hadde ho itte fortent. Ingun Marie Rudiløkken: Ho hadde vel en opplevelse som ungjente som gjorde ho slik som ho var. Hørte noe prat om det ein gong.

RAGNAR ØVRELID: Maten, kleda, husdyra var kvinna sitt felt. Ho ordna opp etter måltida mens mannen kvilde, var med på slåtteteigen når mannen stod opp att, på lauvskjering og mosesanking. Ho bar ved og vatn og hadde dyrestell og fjøsarbeid, til maskinane kom og mannen overtok. Seterstellet var den årlege avvekslinga for kvinnene. Og innomellom dette: barna, graviditet, abortar, fødslar, spedbarnsstell. Og i tillegg: spinning, veving, strikking, lapping og vasking.

Til dette hadde gardkona gjerne tenarhjelp, og nokon som tok seg av dei minste barna, eldre søsken, eller føderådsfolket på garden. Verre var det for husmannskona, som måtte ta seg av alt sjølv. Og verst for dei mange ugifte, einslege mødrene, som gikk rundt på bygda og ba for seg, med eit barn på ryggen eller ved handa, i usle klede og elendige sko.

Etter som husmoryrket stort sett var det einaste kvinnene kunne få, var det viktig å finne nokon å gifte seg med. Mange kvinner vart gåande ugifte livet ut. I det gamle bygdesamfunnet var dette både vanskeleg økonomisk og truleg vanærande sosialt.

Dei ugifte kvinnene hadde to utvegar. Dei kunne bli verande på garden, om det var plass til dei, eller dei kunne ta teneste hos andre, til høgt opp i alderdommen. Det kunne bli eit gledeslaust og fattigsleg liv på alle vis. Men dei hadde i alle fall maten.

Nokre få braut ut av dette mønstret. Vi ser eksempel på einslege kvinner som rydda seg jord og sette seg opp hus. Ut gjennom 1800-talet ser vi stadig fleire ugifte kvinner som prøver å livberge seg med husflid. Dei bur gjerne til leige hos husmannsfamiliar og driv med spinning, strikking og baking. I folketeljinga i 1865 finn vi mange kvinner som driv handverk, særleg skreddarar.

Kvinnene vart ikkje juridisk myndige før 1863, dvs dei kunne ikkje inngå økonomiske og andre avtalar. Ugifte kvinner og enker måtte få oppnemnt verje for seg og umyndig barn, til dei eventuelt gifta seg. Slik sa i alle fall lovene, sjølv om det slett ikkje vart så strengt praktisert alltid.


Mannen var ute, på åker og eng, i fjellet etter fôr, på marknaden, på handelsferder, på sesongarbeid, på tinget, i skyssplikt, i krig.  Kvinnene måtte halde seg til huset og garden.

Slik var matstellet på fronsgardane i 1781: Klokka 4: eit glas brennevin, og rugkake. Klokka 6: morgonmat. Klokka 10: dugurd. Klokka 15: middag. Klokka 20: kveldsmat.

Frå Historia om Fron, bind 1 Publisert her første gong 15. november 2015

2 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kvinner

2 responses to “Kvinnene i Fron

  1. brit Lien

    Jamen er det rart hvor mye mer tufsete karan var som skulle kvile støtt. Men æra fikk døm.
    Itte tru det var lett å væra jente i femtiåra hæll.
    Kvinnfolka sleit livet av seg men livi længer læill. Fyst upp om mårrån og sist i seng er det ei bok som hæte. Fronsbygdin kunne gjænne ha mye mær om kvinnene i bygda. Døm va limet og strikken. Kvinnfolkdiskrimineringa var like utbreidt her som andre stan. Vold mot kvinnfolka, håkken skriv om det.?
    Naboen min sparka lårhalsbrudd på kjerringa, alkoholmisbruk var det mye tå og stygge ord og slag og spark. og sikkert også seksuelt misbruk av ungæin. Men det va godt gjømt dama.
    Og i bygdeboka er det itte tema i det hæle tatt..

  2. Kari Bø

    Viktig det du påpeike, det er mye vond historie som er gjemt bak og mellom fasadene og suksess-historiene. Godt gjemt, og ikke dokumentert annet enn i folks minner… Og minnene sitt i generasjoner som jeg møter i min yrkeshverdag… Få disse usynlige sliterne reist og æret-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s