
Ei kvinne i Fron: Janna Lien gjekk bort i 1978 etter ein tragisk brann. Godt vaksne frøningar hugsar den gode og treffande replikken ho kunne koma med, og sjølv i dag så mange år i ettertid blir ho hermt og fortalt om. Kommentarar frå Facebook: Liv Irene Myrløkken: Husker godt ho Janna, vi var litt redd ho for ho prata så rart. Husker ho holdt i tennene sine da ho prata for at de ikke skulle falle ut. Janna var nok itte dum, hadde mye fornuftige i seg. Bjørg Mimmi Almås: Koselig å sjå bilde…minne meg om ein replikk ho sa i eit barselbesøk: Han er stor og pen te at du itte har gått lenger me’n…..ho fekk det vel itte te å bli nok mnd ette bryllupet til fødsel. Toril Gudbrandstuen: Trivleg å sjå att ho Janna. Ho gjekk for å vera “tullåt” men når en teinkje på my tå di ho sa inkun gongen, va ho heillan fyrry si tid.Synd at ho skull ende sine dåggå slik ho gjorde, det hadde ho itte fortent. Ingun Marie Rudiløkken: Ho hadde vel en opplevelse som ungjente som gjorde ho slik som ho var. Hørte noe prat om det ein gong.
RAGNAR ØVRELID: Maten, kleda, husdyra var kvinna sitt felt. Ho ordna opp etter måltida mens mannen kvilde, var med på slåtteteigen når mannen stod opp att, på lauvskjering og mosesanking. Ho bar ved og vatn og hadde dyrestell og fjøsarbeid, til maskinane kom og mannen overtok. Seterstellet var den årlege avvekslinga for kvinnene. Og innomellom dette: barna, graviditet, abortar, fødslar, spedbarnsstell. Og i tillegg: spinning, veving, strikking, lapping og vasking.
Til dette hadde gardkona gjerne tenarhjelp, og nokon som tok seg av dei minste barna, eldre søsken, eller føderådsfolket på garden. Verre var det for husmannskona, som måtte ta seg av alt sjølv. Og verst for dei mange ugifte, einslege mødrene, som gikk rundt på bygda og ba for seg, med eit barn på ryggen eller ved handa, i usle klede og elendige sko. Les meir