Draumen om eit band som skulle rocke på kav døl

Historia om Baksia, som ikkje la skjul på kvar dei kom frå

 

TROND HALLE: Beatlesfilmen A hard days night gjekk på Folkets hus på Harpefoss. Det gjekk både varmt og kaldt nedover ryggen på meg, der eg sat på første rad. Frå da av var eg frelst. Denne musikken vart ein viktig del av livet mitt. Etter kvart drøymde eg om sjølv å stå på scena og bli popstjerne.

 

th

Trond Halle har spelt i Baksia i 40 år. Foto: Ivar Arne Nordrum/NRK

Eg gjekk på Sør-Fron ungdomsskule midt på 60-talet. Vi var ein gjeng som prata om å starte band. Berre ein av oss kunne spele. Det var Hans Løkken. Han vart faktisk norgesmester på saksofon i ungdomsklassa. Han vart også med i eit band som kalla seg Blooming busybodies. Her var blant anna brørne Amund og Ingvar Rudi frå Lia med, og brørne Ivar og Bjørn Elvestad frå Dovreskogen. Sistnemnde er i dag gitarist i Ole Ivars.

 

For min egen del vart det meir draum og fantasering enn speling i ungdomsskuletida. Eg song ein god del. Har alltid vore glad i å syngje. Siste året på ungdomskulen kjøpte eg ein akustisk gitar av ein barndomskamerat, Arild Skar. Det tok ikkje lang tid før eg tok til å lage eigne melodiar. Først skreiv eg tekster på engelsk. Men etter kvart gjekk eg over til norsk.

Ein kveld tidleg på 70-talet kom Willy Heimstad og lurte på om eg ville bli med å spele i bandet hans. Den eine gitaristen hadde slutta. Det var mens eg gjekk på gymnaset. Willy arbeidde på Hera fabrikker. Israel Krupp, som dreiv fabrikken, kausjonerte for lån på instrument og utstyr. Derfor namnet Heraz.

Vi spelte mykje både i dalen og på Hedemarken. Vi tok ikkje ting alt for høgtideleg. Mykje vart improvisert der og da. Repertoaret bestod mykje av Beatles, Rolling Stones, gammalrock og blues blant anna. Eg kan ikkje hugse at vi hadde så mange sjølvlaga låtar på repertoaret.

Her er «Fest på Folkets hus»:

På 70-talet kom visebølgja for fullt. Finn Kvalvik, Lillebjørn Nilsen og fleire song på norsk. Tekstene kom meir i fokus enn før. Kampen mot norsk medlemskap i EU og EEC, som det heitte den gongen, skapte ei nasjonal bølgje i musikk og anna kultur. Nå vart landsbygda plutseleg «in». Det vart trendy å prate dialekt og vera frå landsbygda.

I studentmiljøet på Blindern sat trønderen Hans Rotmo og skreiv viser om Vømmøldalen. Låtane hadde eit svært radikalt innhald og folkeleg hunor. Hans Rotmo var ein dyktig poet og låtskrivar. Han starta bandet Vømmøl spelemannslag saman med nokre studiekameratar. Ein av desse var ein ungdomskamerat frå Sør-Fron, Hans Løkken. Musikalsk sett bygde Vømmøl på norsk folkemusikk og gammaldans ispedd litt engelsk og amerikansk popmusikk.

Eg var ein del i Oslo rundt 1974. Der trefte eg Hans Løkken innimellom og møtte såleis dei andre Vømmølkarane. Eg hadde tidlegare synt Hans nokre av låtane mine. Han oppmuntra meg til å fortsette. Inspirert av Vømmøl tok eg til å skrive tekster på døl.

Muskalsk var eg nok meir orientert mot blues og rock enn Vømmelmusikken. Men eg prøvde også å leggje inn ein norsk dåm. Det var ikkje fritt for anna enn at eg lengta heimatt til dalen medan eg var i Oslo. Drømmen om å koma heim og starte eit band som skulle rocke på kav døl. Eg prøvde å høyre for meg korleis låtane mine ville ta seg ut med fullt band.

Det var seint på hausten 1974, det var helg, og eg var heime fra byen. Hadde besøkt ein kamerat som budde rett bortafor Folkets hus, og var på tur heimatt. I det eg går forbi Folkets hu, høyrer eg musikk, skikkeleg rock´n roll. Er det fest? tekte eg. Utpå hausten 1974 trefte eg fire gutar frå Harpefoss, som hadde starta band. Det var Eivind Rønshaugen, Øystein Lien, Ola Gutuen og Ingar Drevland. Eg vart med dei og spele.

10156028_983684451665089_6821787210671428191_n

Baksida frå 1975: Frå v: Ingar Drevland, Øystein Lien, Ola Gutuen, Trond Halle og Eivind Rønshaugen. Foto fra FB-sida til Baksia

Etter kvart fekk eg også prakka på dei mine idear og låtar. Vi fann snart ut at Baksia var eit lugomt namn på bandet. På Solsida gjekk E6 og jernbanen. Men vi budde på baksida, der sola var borte mykje av vinteren. Baksida kan sybolisere så mangt. Baksia var vel vår versjon av Vømmøldal´n.

I januar 1975 fekk eg arbeid i heimbygda. Vi tok til å øve på Folkets hus. Første oppdraget hadde vi på elevfest på Folkehøgskulen på Hundorp, 18. januar 1975.

Vi spelte på nokre elevfestar, bl.a på gymnaset på Vinstra, før vi debuterte på offentleg fest på Folkets hus 8. mars 1975. Vi var så vidt eg veit, første rockebandet som song på gudbrandsdøl. I motetning til ein del andre lokale band, la vi ikkje skjul på kvar vi kom frå. Vi var tvert imot stolte av å koma frå Gudbrandsdalen. Dette trur eg publikum sette pris på også. Publikum møtte opp, og vi fekk god respons. Vi spelte for de meste i Gudbrandsdalen, men var også innom Valdres og Hadeland.

I desember 1975 var vi i NRK-studio på Lillehammer og spelte inn fire låtar, bl.a. «NSB-vise» og «Uppi Baksiun». Vi vart intervjua av Kari Bay Haugen, og innslaget vart sendt på riksnettet. Dessutan vart vi spelt flittig i Opplandsradioen. Dette var den tida NRK-Oppland dreiv bevisst kulturpolitikk med klar distriktsprofil. Dei fremma lokal musikk innafor eit variert og breitt spekter. Dette var før vi fekk såkalla «mediemangfold» og diverse kommersielle kanalar. Nå har NRK Oppland/Hedmark i iveren etter å skulle konkurrere om lyttarane, vorte ein glatt innhaldslaus skvaldreradio, som stort sett sender den same «safe» engelsk-språklege popmusikken som alle andre kanalar. Dette vart ei lita avsporing, men eg måtte få det ut!

Redigert utdrag frå artikkelen «Rock på døl! i Fronsbygdin 2006

11150929_983554001678134_8306080415828746859_n

Frå last.fm:

Baksia starta opp i 1975. Dei som var med i starten var Eivind Rønshaugen, Ingar Dreveland, Trond Halle, Øystein Lien og Ola Gutuen. Heimestrikka rock med tekster på Gudbrandsdøl slo an blant publikum både i Gudbrandsdalen og andre plasser bandet spelte. Låter som Uppi Baksiun og NSB-vise vart spelt mye i distriktsradioen som den gongen dekte Hedmark og Oppland. Baksia spelte i 1976 blant anna på ei av hovudstadens kjente konsertscener på den tida, Chateu Neuf, saman med Arbeidslaget hans Konrad Vømmølbakken. I 1977 tok bandet ei pause, mens bandmedlemmane var i militære/sivilarbeid.

I 1978 starta dei opp att, med litt endra besetning. Øystein og Ola gjekk ut. John Gutuhaugen og Pål Erik Jensen kom inn. Trond hadde da alt inngått samarbeid med Hans Løkken, alias Konrad Vømmølbakken i Popgruppa Asbjørn. Duoen vart snart kjent gjennom TV og radioopptredener. I 1979 fekk dei platekontrakt med Plateselskapet Artic. I 1979 kom LP-en Dølalåt. Her var også Baksia og Hans Løkken si gruppe Villmannslaget med. Baksia, Villmannslaget og Popgruppa Asbjørn hadde fleire spelejobbar saman.

Baksia hadde noko varierande besetning framover. Blant anna var Morten Graff, Audun Hugo Nilstad, Bror Bakken og Svein Ivar Sæther innom bandet. I 1981 gav dei ut ein EP med fire leikje på. I 1982 vart Baksia oppløst.

Fleire av medlemmane var også med i gruppa Drivstoff som i tillegg til mye anna spelte ein akkustisk variant av Baksi-musikken. Drivstoff eksisterte frå 1980 – 1986.

I 1988 starta Baksia oppatt med Ola, Eivind, Øystein og Trond frå originalbesetninga + Bente Volden. De hadde sin første opptreden på Folkets hus. Og maken til fest hadde ein ikkje opplevd der i garden sidan glansperioda for slike festar tidleg på 70 talet. Dermed fekk det «nye» Baksia ein flying start. Dei gav saman med gammaldansmusikaren Anton Amundgård gav dei ut kassetten Bygdatrall i 1988.

Frå 1989 vart Øivind Skurdal med. I 1991 gav dei ut Uppi Baksiun (MC). I 1994 kom Den siste døl (CD-MC), og i 2000 kom Fest på Folkets hus (CD).

I 1996 utvida dei besetninga med blåserrekke og starta Baksia Blues Band. Som ved sida av å reindyrke blues varter opp med dei mest kjente Baksilåtane.

I 2001 fekk Baksia kulturprisen for Sør-Fron.

Frå 2003 var det attende åt opprinnelig form og besetning og fokus på reint Baksistoff. Nå består Baksia bestod nå av Trond Halle, Eivind Rønshaugen, Øystein Lien, Øivind Skurdal og Kai Harald Skriubakken. Dette ser det ut til å ha fungert bra, etter publikumsresponsen å dømme. Bandet spelte nå som sagt berre dølarock. Dei fleste låtane er laga av Trond og Øivind. I tillegg spelar Baksia låtar som er laga av Hans Løkken og Arild Skar.

Sommaren 2005 gav Baksia ut CD’en ”Fortsatt liv e Baksiun”. Som dei førre var denne også snekra saman i kjellaren hans Øystein Lien, med Øystein som teknikkar og lydprodusent. CD’en inneheld 16 låtar. Her er i tillegg til Trond og Øivind også Eivind representert med eit par låtar. Denne har alt seld eit par tusen eksemplar.

I august 2005 hadde Baksia jubileumskonsert med 600 entusiastiske tilhøyrarar på Rudi gard. Dette vart dessutan avskjedskonsert for Eivind og Øystein, som takka for laget etter denne konserten.

Utpå hausten er Baksia i gang att. Nye folk i bandet er: Pål Erik Jensen på bass, som var med i Baksia på slutten av 70-talet, og Bent Bredeveien på gitar. Desse to går for tida på Norsk Lydskule i Oslo.

publisert her første gong 27.3. 2016

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s