Alle har fått dram

dram

Dette bildet er frå Vinstra, seier Gudbrandsdalsmusea og Digitalt Museum, og det er tatt i 1945. Med norsk flagg. Og den merkelege kommentaren: Alle har fått dram. Feirar dei freden? Nokon som veit noko?

Kommentar frå Ola Løkken:

Dette bildet er frå heimplassen min, Lykkjom i nedre Sødorp. Til høgre sit mor mi, Margit Lykkjom, så til venstre Magnhild Hage (Mellomsdokken), til høgre halvbror til far, Harald Løkken (Skinnehaugen). I framkant ser vi ryggen til Vegard Hage. Ole Hage, far til Vegard sit bak med armen rundt Magnhild. Bildet er vel teke fredsdagen i 1945. Og i barnevogna ligg eg, Ola Løkken.

Kommentar frå Paul Henrik Hage:

Dette er eit kjent bilde for meg. Eg har det i ein album etter mor mi, Mabel, og det var også ho som tok det. Eg er meir enn forundra over korleis det har kome inn i arkiva til Digitalt Museum og Gudbrandsdalsmusea. Bildet er frå feiring av frigjeringsdagen den 8. mai 1945 på Lykkjom i Nedre Sødorp.

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig

6 responses to “Alle har fått dram

  1. Bjørg

    Det er vel Hågå gardæin i Sødorp oss ser uppi der.

    Likar

  2. Ola Løkken

    Dette bildet er frå heimplassen min, Lykkjom i nedre Sødorp. Til høgre sit mor mi, Margit Lykkjom, så til venstre Magnhild Hge (Mellomsdokken), til høgre halvbror til far, Harald Løkken (Skinnehaugen). I framkant ser vi ryggen til Vegard Hage.

    Likar

  3. Ola Løkken

    Eg gløymde ein: Ole Hage, far til Vegard sit bak med armen rundt Magnhild. Bildet er vel teke fredsdagen i 1945.

    Likar

  4. Ola Løkken

    Og i barnevodna ligg eg, Ola Løkken.

    Likar

  5. Dag Skurdal

    Ser for meg ut til å vera frå Nedre Sødorp opp mot bl.a. Hågågardane. Ho med flagget: kan det vera Margit Berge Løkken, tru? Ola vil sjå på det når han kjem ned att frå setra. Mabel Løkken fotograferte my så det kan vera ho som har teke dette bildet au. Kva meiner du, Paul Hage?

    Likar

  6. DAG ANKER SKURDAL

    Lykkjom er vel det same bruket som Grenen, jmf Grenageilin

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s