Dette bildet er frå Vinstra, seier Gudbrandsdalsmusea og Digitalt Museum, og det er tatt i 1945. Med norsk flagg. Og den merkelege kommentaren: Alle har fått dram. Feirar dei freden? Nokon som veit noko?
Kommentar frå Ola Løkken:
Dette bildet er frå heimplassen min, Lykkjom i nedre Sødorp. Til høgre sit mor mi, Margit Lykkjom, så til venstre Magnhild Hage (Mellomsdokken), til høgre halvbror til far, Harald Løkken (Skinnehaugen). I framkant ser vi ryggen til Vegard Hage. Ole Hage, far til Vegard sit bak med armen rundt Magnhild. Bildet er vel teke fredsdagen i 1945. Og i barnevogna ligg eg, Ola Løkken.
Kommentar frå Paul Henrik Hage:
Dette er eit kjent bilde for meg. Eg har det i ein album etter mor mi, Mabel, og det var også ho som tok det. Eg er meir enn forundra over korleis det har kome inn i arkiva til Digitalt Museum og Gudbrandsdalsmusea. Bildet er frå feiring av frigjeringsdagen den 8. mai 1945 på Lykkjom i Nedre Sødorp.