Vellykka markvandring

Lodver Bryhn (i raud jakke) og Anders Haugen (til høgre) var kjentmenn under turen.

Lodver Bryhn (i raud og kvit jakke, her i samtale med ein annan rustvær og kjentmann, Gunnar Vaet) og Anders Haugen (til høgre i blå jakke og med blå sekk) var primus motorar for turen.

Turen frå Feforbua til Vollsdammen torsdag kveld blei svært vellykka. I alt 44 personar hadde pakka sekken sin og reist til fjells denne fine førsommarkvelden. Primus motorar og kjentmenn på turen var Lodver Bryhn og Anders Haugen. Dei innehar svært mykje lokalkunnskap og er flinke til å formidle. Ved Feforbua fortalde Haugen om kva bua hadde vorte brukt til og om bruken av Feforvatnet gjennom tidene. Bua i Feforosen blei brukt til å regulere Feforvatnet i  minst 200 år. Inne i bua var det ein lem som dei heva eller senka ettersom korleis dei ville ha vannstanden. Etterpå rusla vi etter den gamle Fagerlivegen og vidare til Auretjønn. Her vart det mura ein dam i osen tidleg på 1890-talet. Tanken var nok å gjere tjønna til eit betre fiskevatn. Ovanfor Aurebekken fortalde Anders og Lodver om ei oppgangssag som stod her frå 1788 til skogutskiftinga i 1823.  Her sette vi oss også ned for å nyte medbrakt kaffi og biteti. Etter denne trivelege rasten gjekk turen ned til Vollsdammen, som Ole Hov bygde i 1907-08, og som framleis høyrer garden Hov til. Her fortalde fyrst Arne Aasmundstad om det vidgjetne Vollsstemnet, og deretter Anders Haugen om den brokete historikken rundt Vollsdammen. Vi vil kome attende med meir historikk og bilde frå denne fine og interessante turen etter kvart.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s