Kongar i Fron

Hadde ikkje Oscar II vore så stri, kunne Gålå-prinsen blitt norsk konge

golaa

Kongeleg høgdepunkt i Fron. Æresportal for kong Oscar II på Golaa i 1899.

KRISTIAN HOSAR: Stikkord for kongebesøka i Fron gjennom 1000 år er Steig, Hundorp. Gålå, Fefor og Sikkilsdalen. Kong Olav V hadde sitt alle siste besøk i Fron den 25. april 1990. Ein sliten, men velviljug monark heidra dei falne under minnemarkeringa i Kvam.

200px-olav_der_heilige07Etter bataljane med Dale-Gudbrand i 1021 kom Heilag Olav (konge 1015-1028) attende til Fron i 1024. Han tok inn på Steig og gjekk med på at morsyster hans, Isrid Gullbransdotter, fekk gifte seg med bonden der.

 

 

200px-harold-iii-coinHarald Hardråde (konge 1046-1066)  var på Steig i 1046 etter turen til Myklagard.

 

 

 

over-dovrefjell-2

Steigar-Tore og Håkon Toresfostre rir over Dovre. Måleri i Einbu-salen på Dale.Gudbrands gard.

Håkon Magnusson (konge 1093-1094) vart oppfostra på Steig hos Steigar-Tore og seinare valt til konge på Øyretinget i 1093. Det gjekk ikkje så bra med Steigar-Tore, han vart drepen ein stad oppe i Hålogaland. Sjølv om Steig er nemnt som kongsgard også seinare, forlet vi denne delen av kongehistoria i Fronsbygdene.

Wikipedia: Håkon Magnusson Toresfostre (født 1068/1069, død 1094/1095) vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093. Håkon skal ha vore ein son av Magnus II Haraldson, som var konge frå 1066 til 1069. Vi veit ikkje noko om mora hans. Det var Steigar-Tore som pressa igjennom kravet om kongsmakt for fostersonen. Kong Magnus Berrføtt aksepterte aldri kongskravet frå unggutten Håkon, men det kom aldri til kampar mellom dei, ettersom fosterfaren og Håkon flykta. Rett etter dør Håkon av sjukdom han får medan han er på rypejakt. Steigar-Tore blir seinare hengt av Magnus Berrføtt etter eit desperat herjingstokt i Hålogaland.

Ivar Kleiven fortel den dramatiske soga om Steiga-Tore.

Eivind Luthen fortel om kongsgarden Steig

Danskekongane frå København æra ikkje nordmennene med spesielt mange besøk. Enkelte av dei var ikkje i Noreg i det heile. Etter at eineveldet var innført i 1660, føregjekk alle kongekroningane i Danmark. Dei fleste regentane frå 1660 til 1814 stakk likevel innom oss ein gang eller to.

200px-christian_v_of_denmarkChristian V (konge 1670-1699) drog til Noreg i 1685. Den 17. juni overnatta han på prestgarden i Fron på veg til Trondheim. Frå hesteryggen vart han imponert over fossefalla gjennom dalen.

 

 

200px-frederik_den_4Frederik IV (konge 1699-1730) var i Noreg i 1704. Han reiste tilbake frå Trondheim gjennom dalen. Han ôg overnatta på prestgarden etter dagsetappen frå Tofte på Dovre.

 

 

200px-christian_6Christian VI (konge 1730-1746) og dronning Sophia Magdalena tok turen til det høge nord i 1733. Den 15. juli var det nok ein gang kongeleg overnatting på prestgarden. Før følget nådde Fron, fekk dei for alvor møte det norske høgfjellet, heiter det i beretninga, da dei måtte passere «et slemt stup» sør for Ringebu stavkyrkje. Men «de store klipper og bjerge» begynte alt ved prestgarden i Øyer.

 

200px-fiedrichvidenmarkI 1788 skulle den 20 år gamle regjerande monarken, kronprins Frederik, (konge 1798-1814) til Trondheim og drog gjennom Gudbrandsdalen. Fyrst i juli kom han til prestgarden for å få losji. Ein del av følgjet hadde uhell med vognene og kom ikkje fram før klokka eitt om natta. Ein tyskar, Johann Hieronymus Kirschoff, som skreiv ei detaljert beretning frå turen, måtte ta til takke med eit «middelmådig vertshus ved kirken i Fron.» Men tyskaren innrømmer at det er fyrsteleg vakkert i dalen – året før Storofsen endra landskapet.

Ivar Kleiven fortel om Storofsen – domedag over Fron.

Mer om Frederik VI og hans reise i Noreg.

Etter 1814 kom svenskane. Tre av dei fem kongane fram til 1905 vart krona både i Sverige og Noreg.

200px-marechal-bernadotteKroningsferda til Carl Johan (konge 1814-1844) gjekk gjennom Østerdalen båe vegane.

Ivar Kleiven skriv at kongen for attende gjennom Gudbrandsdalen og besøkte Fron-kyrka på turen.

 

200px-karl_xvCarl 15 (konge 1859-1872) og dronning Lovisa reiste derimot gjennom dalen sommaren 1860. Svenskane overnatta ikkje i Fron, men på Elstad i Ringebu.

Etter Per Åsmundstad d.e. overnatta dei kongeleg på Vik i Kvam i 1860, og han var med på dronningskyssen.

 

200px-600_norwegian_lion_king_oscar_iiEtterkommaren, Oscar II, (konge 1872-1905) var på mange reiser i Noreg, men det var berre dronninga som reiste gjennon dalen til Trondheim. Ho overnatta heller ikkje i Fron, men på «den historisk bekjendte eiendom Hundorp» prata dronninga med mange. Ho overrekte og gåver til dei fattige i bygda. Ved Skistad vart det reist ein vakker blomsterpryda portal med flagg og monogrammet til dronninga.

 

nr-180-desember-2001Så oppdaga svenskane Fron for alvor! Golaa Høifjeldssanatorium vart bygt i 1892. Sentrale Kristiania-borgarar med gode kontaktar til bernadottane stod bak. Blant dei var stadshauptmann Rich. Andvord, hoffjegermeister Thomas Fearnley, professor Bredo Morgenstierne og hoffsjef Fritz Rustad. Distriktslækjaren i Fron, J. F. Holst, var også aksjeeigar og Chr. S. Winge direktør.

500px-carl_of_sweden_28186129_1929Gålå vart fort ein ynda feriestad for svenskeprinsane. Prins Carl, den tunghøyrde «blå prinsen», budde i 1890-åra på hytta til Rich. Andvord. Måltida fekk han på sanatoriet, ikkje mange metrane unna. Namnet «den blå prinsen» fekk han fordi han var sjef for det svenske kavalleriet, som hadde blå uniformar. Carl var på Gålå fyrste gongen i 1896. Han treivst så godt at han kom tilbake på bryllupsreise to år seinare. Den unge brura var prinsesse Ingeborg av Danmark. Prinsen var begeistra, men den danske prinsessa tykte staden var aude og sakna ei landsbykyrkje! Ingeborg var syster til kong Haakon og mor til kronprinsesse Märtha.

Prins Carl var populær. Nære vener i aristokratiet i Kristiania arbeidde for å få han til norsk konge. Det mykje omtala Bernadotte-tilbodet kom fram i ei stortingsadresse til kong Oscar II den 7. juni 1905. Stortinget ønskte at kongen skulle gje samtykke til at ein svensk prins vart konge i Noreg, og at han samtidig skulle seie frå seg retten til den svenske trona. Kong Oscar avslo tilbodet.

Prins Carl var forresten innom Heggerud Gård på Harpefoss på veg til Gålå. Her vart han servert middag. Amund Wadahl kjøpte til og med nytt middagsservice i høve det besøket!

golaa

Ein prangande æresport med aksjonærdøtre i kvite kreasjonar. Foto: Maihaugen/Digitalt museum/H.H. Lie

Den største kongelege hendinga på Gålå var i juli 1899. Da kom kong Oscar II innom med stort følgje. Det vart reist ein prangande æresport. Velkomskomiteen hadde teke oppstilling i trapper på båe sider av porten. Det var døtrene til aksjonærane i sanatoriet, og alle var kledde i flotte kvite kreasjonar.

Middagen fredag kveld den 21. juli 1899 blir i Gudbrandsdølen skildra som ei hending som seint vil bli gløymd i dalen. Før taffelet, fortel avisa, heldt Hans Majestet ei formfullendt tale. Her understreka han at han som sjømann alltid hadde elska havet. Men etter at han hadde besøkt Gålå og sett den vakre naturen med snøkledde fjell, vart han også oppglødd over venleiken i fjellet.

golaakongen

«Golaa ved kong Oscar II´s besøg 21/7 1899» skriv Digitalt museum. Foto: H. H. Lie

Gjestene var norske, danske og svenske. Blant desse var Bjørn Bjørnson, kvinnekjær teatermann og son til diktarhøvdingen. Både bilda og tradisjonen fortel at BB jr. var ein av dei kongen underheldt seg mest med.

Truleg overnatta ikkje kong Oscar på sanatoriet. Mykje tyder på at han etter selskapet om kvelden drog ned til kongevogna på Harpefoss stasjon. Det låg han nok også før besøket på Gålå.

Og så kom unionsoppløysinga.

Redigert utdrag frå artikkelen «Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år» i Fronsbygdin 2006

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s