-Slik at fleire kan bli involverte

Møt den nye leiaren i historielaget

ellensteberg

Ellen Steberg: Som lærar kan du administrere. Foto: Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: -Det var ikkje kamp om leiarvervet i Fron historielag, men ei måtte ta det på seg, og som lærar kan du administrere, seier Ellen Steberg. På tide, vil kanskje nokon seie, at det etter bortimot 90 år kjem ein kvinneleg leiar i laget. Ho er godt kjend med historielaget, for ho sat i styret i fleire år tidleg på 2000-talet, og i fjor vart ho vald inn som nestleiar. -Eg sa ja til det, for nå hadde eg tid som pensjonist.

-Dette første møtet i det nye styret, der ingen ville vere leiar – korleis arta det seg?

-Det var eit koseleg møte. Vi var enige om at vi måtte dra lasset saman, og at dei som har verv – som kasserar, sekretær, bokansvarleg og nettansvarleg – alle er så godt inne i det dei gjer, at det ikkje var nokon grunn til at dei skulle byte oppgåver. Og dei to ny i styret er ikkje aktuelle for leiarvervet nå. Så da stod det mellom Knut Ulberg og meg. Vi skal hjelpe kvarandre. Han er nestleiar.

Ho er frå Venabygda, Ellen Steberg, gjekk gymnaset på Vinstra – på norrøn-lina, lærarskulen i Levanger og starta som lærar i Kvam, før ho så fekk sitt virke på Midtbygda skule. -Eg trivst godt som lærar, seier ho. -Etter kvart fekk eg fleire tidlegare elevar som kolleger, og dei var koselege mot meg.

For tre år sidan vart ho pensjonist. -Etter 40 år kjende eg at eg hadde gjort plikta mi. Gardkjerring? Åja, veit ikkje om eg har vore så mykje gardkjerring på Steberg, men eg har nå vore med ute når det trengst.

styret2016

Styret i Fron historielag 2016-2017: Frå v: Ole Christian Risdal, nettansvarleg. Eivind Holen, sekretær. Marit Taarud Kirknes, bokansvarleg. Knut Ulberg, nestleiar, Ellen Steberg, leiar, Anders Nustad, kasserar, Åge Hagestuen, styremedlem, Egil Myhre, styremedlem

Ho har ingen store vyar for Fron historielag, sier ho, -men eg har tenkt på å få til aktivitetar for medlemmane, slik at fleire kan bli involverte. Og støtte opp under det viktige arbeidet med årboka Fronsbygdin og nettsida. Vi skal sette opp ein årsplan med aktivitetar.

Seier Ellen Steberg – før ho vandrar ut i mairegnet på Dale-Gudbrands gard. Som leiar i Fron historielag.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s