Og korleis stod det til med stemnet rundt 2009? 



Dei fire Gynt´ane på Gålå med mor Åse: Per Tofte og Rut Tellefsen, Svein Sturla Hungnes og Kari Simonsen, Dennis Storhøi og Britt Langlie, Mads Ousdal og Birgitte Victoria Svendsen
Peer Gynt-stemnet er ei viktig næring i Fron. Det har hatt sin ned- og oppturar. Ragnar Øvrelid skreiv ei god bok om historia til stemnet frå 1928 og fram til 75-årsjubileet i 2003. Men kva har hendt sidan? I ei interessant masteroppgåve ved Universitetet i Oslo våren 2010 tar Hildegunn Iverstuen Weiby for seg stoda rundt 2009. Da var det ein diskusjon i forkant av stemnet mellom Per Tofte og Svein Sturla Hungnes om regien av spelet. Tofte kritiserte Hungnes og sa at han oppførte seg
som en byggmester Solness som ikke kan ta inn over seg at en ny generasjon teaterbyggmestere puster ham i nakken. For det finst selvsagt instruktører her til lands og ute som har fantasi til å skape en helt ny regi ved Gålåvatnet.