Monthly Archives: mai 2016

– Ei stygg sjuke å få

Seier Ingunn Bakken om Fron lasskjørarlag

TVØst var med da laget drog frå Sødorp mot Røros i februar

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Kongar i Fron

Hadde ikkje Oscar II vore så stri, kunne Gålå-prinsen blitt norsk konge

golaa

Kongeleg høgdepunkt i Fron. Æresportal for kong Oscar II på Golaa i 1899.

KRISTIAN HOSAR: Stikkord for kongebesøka i Fron gjennom 1000 år er Steig, Hundorp. Gålå, Fefor og Sikkilsdalen. Kong Olav V hadde sitt alle siste besøk i Fron den 25. april 1990. Ein sliten, men velviljug monark heidra dei falne under minnemarkeringa i Kvam. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Nokon som angrar nå?

For 44 år sidan ville 85% av sør-frøningane ut av storkommunen

Nr. 379

Avisklipp frå Albert Wadahl/Vegar Skar

Berre 15 % ønskte Fron-fellesskap. 85,3% av sør-frøningane ønskte å kvitte seg med storkommunen og få Sør-Fron som eigen kommune. Nokon som angrar nå?

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

-Slik at fleire kan bli involverte

Møt den nye leiaren i historielaget

ellensteberg

Ellen Steberg: Som lærar kan du administrere. Foto: Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: -Det var ikkje kamp om leiarvervet i Fron historielag, men ei måtte ta det på seg, og som lærar kan du administrere, seier Ellen Steberg. På tide, vil kanskje nokon seie, at det etter bortimot 90 år kjem ein kvinneleg leiar i laget. Ho er godt kjend med historielaget, for ho sat i styret i fleire år tidleg på 2000-talet, og i fjor vart ho vald inn som nestleiar. -Eg sa ja til det, for nå hadde eg tid som pensjonist.

-Dette første møtet i det nye styret, der ingen ville vere leiar – korleis arta det seg? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kvinner

Frylikongen

Da vi tok storoksen med 21 spir

elg1

Johan Dalseg har jakthatten til far sin, Lodver Dalseg. Det vart sagt at det følgde hell og lykke med jakthatten. «Frylikongen» vog over 300 kg slakta. Foto frå Johan Dalseg.

JOHAN DALSEG:  Året var 1957, og like før jakta kjøpte eg ny rifle. Ein eksportmodell av Husquarna med prislapp kr 950. Dette var frykteleg mykje pengar for ein ungdom, men eg fekk litt avslag og ti patroner med på kjøpet og slo til. På veg til Hundorp stasjon for å hente rifla, trefte eg Hans Scheie, som slengte seg på motorsykkelen og ville bli med. Vi pakka opp vidunderet så snart vi kom ut av stasjonsdøra, eg prøvesikta og sa som så:

´n må vel stupe storuksin au nå lell, Hans

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Ny leiar i historielaget

styret2016

Styret i Fron historielag 2016/2017. Frå v: Ole Christian Risdal, Eivind Holen, Marit Taarud Kirknes, Knut Ulberg, Ellen Steberg, Anders Nustad, Åge Hagestuen og Egil Myhre.

Da styret hadde møte 3. mai, fekk historielaget ny leiar etter Anders Hage. Ein av desse åtte er nå leiar for Fron historielag. Tipp og sjå om du tippar rett. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Korleis går det med Peer Gynt?

Og korleis stod det til med stemnet rundt 2009? 3099770876_5293539a

jk-500
20130412-023_4825424a
978x

Dei fire Gynt´ane på Gålå med mor Åse: Per Tofte og Rut Tellefsen, Svein Sturla Hungnes og Kari Simonsen, Dennis Storhøi og Britt Langlie, Mads Ousdal og Birgitte Victoria Svendsen

Peer Gynt-stemnet er ei viktig næring i Fron. Det har hatt sin ned- og oppturar. Ragnar Øvrelid skreiv ei god bok om historia til stemnet frå 1928 og fram til 75-årsjubileet i 2003. Men kva har hendt sidan? I ei interessant masteroppgåve ved Universitetet i Oslo våren 2010 tar Hildegunn Iverstuen Weiby for seg stoda rundt 2009. Da var det ein diskusjon i forkant av stemnet  mellom Per Tofte og Svein Sturla Hungnes om regien av spelet. Tofte kritiserte Hungnes og sa at han oppførte seg

som en byggmester Solness som ikke kan ta inn over seg at en ny generasjon teaterbyggmestere puster ham i nakken. For det finst selvsagt instruktører her til lands og ute som har fantasi til å skape en helt ny regi ved Gålåvatnet.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk, Verksemder