Ho skal åt Moa på soldat-dansen

1465270_407382276031866_1580804662_n

Det er nok ikkje desse han diktar om, Ola Døl, men det kan vere ei fredeleg syndasefta med dugnad i lugomt ver.

Ola Døl dikta ei framifrå folkelivskildring om alt du kan sjå på ein fredeleg syndasefta når det er lekkert og lugomt ver – om onggutslamper og jenter som vrir seg, om n`Slette-Simen som kjem gå´n på tverten,  om dokka frå Bakke som kjem trippan, og om Guri Kroka som skal vitne om synda si:

Ein syndasefta ner det er stille
og godt i luft´n og lugomt ver,
da er det tyleg å gå og drive
på bygdaveigom og sjå på livet
og treffe kjens folk som kjem og fer.

I Liagardom der kvile sjølvan
visst syndasmiddag i hårt eit hus.
Men nedpå veiga langs mjølkeramper
og stabbesteiner sit onggutslamper
og slengje føten og spytte snus.

Frå Maribakke stig kaffepraten
og låtten ut gjennom opne glas.
I Bakkesvinga glir onge gjenter
og kvin og vrir seg og berre venter. –
Døm drøfte kjoler og såmårstas.

Ved Slettom møte du gamle gubber
i heljebusrull og kjørkjehatt.
Nå er det helga, og det kan klaffe
å gå på Vangen og drekke kaffe
og spelle femkort te langt på natt.

Han Slette-Simen kjem gå´n på tverten.
Nå er´n full att – å nei, å nei!
Han går så gjemeint og god og glise
og syng ei utgåmål sjømannsvise
med sikspensluve på trikvart snei.

Og der kjem dokka frå Bakke trippan
i kalveskinnskåpe og fløyelsko.
Ho skal åt Moa på soldat-dansen
og danse tango med løytnant Hansen.
Da blir det stas gut, å vera ho.

Og like etter kjem Guri Kroka
så from og lettføtt og søt og blid.
Ho ska åt Betel på misjonsfesten
i hop med klukkern og hjelpepresten.
Der skal ho vitne om synda si.

Ja, slik ein fredeleg syndasefta
ner det er lekkert og lugomt ver
da er det tyleg å gå og drive
på bygdavegom og sjå på livet
og berre glise åt alt ´n ser.

På trykk i Dagningen ukjent dato, frå Ola Løkken på FB-sida Du væt du e frå Vinstra når…

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s