Møt Londin – nok eit vidunderleg portrett frå Ivar Kleiven

Var det slik fisk han kjempa for, Londin frå Sødorp? Solveig og Erling Rønning med ein rugg på 6,4 kg frå Vinstervatnet. Bilde frå fiskeguiden.no
IVAR KLEIVEN: På Londe i Sødorp var det på byrjinga av 1800-talet ein uturmåta stor og sterk kar, som ikkje nokon torde gå i kast med ein mot ein. Han dreiv mykje på fiskjing i Vinstervatna både somar og vinter, og enda valdersan var redde for han, hende det imellom dei prøvde å setja opp uggan. Ein gang vart det stole flesk og ein tom fiskekopp i bua hans, det var nok ikkje mange å gjera val på, tykte Londin, og så gjekk han beinast borti bua til tre valderse som låg ved eit av vatna og la dei ut for tjuveri. Les meir