Mjølk frå Fron vart til folkevogner

Litt om ost og handelspolitikk – og årsmeldinga frå laget

casein

Hit, til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten, kom kjuka frå Fron, vart tørka og send til Tyskland. Så kom det folkevogner att. Bilde frå Maihaugen/Digitalt museum. Foto: Elstad

Raudost er ikkje ost, kunne Asbjørn Ringen fortelje på årsmøtet i historielaget. For ostestoffet, kjuke som det heiter i Gudbrandsdalen – eller kasein med proteiner og aminosyrer – er tatt ut. Kva gjorde dei så med ostestoffet i Fron etter at raudosten var laga? Sende det til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten. Der tørka dei det og eksporterte det til Tyskland, der det vart knappar og kleshengjarar av mjølka. Etter krigen, da det var importrestriksjon på bilar, vart kaseinet bytta mot folkevogner. 

Asbjørn Ringen har skrive bøker om meieridrift i Gudbrandsdalen og hadde mykje interessant å leggje fram på årsmøtet – ikke minst om strie og harde lokaliseringkampar gjennom åra.

Så til årsmeldinga frå Fron historielag. Mellom viktige saker i året som gjekk:

Organisering av Nettredaksjon og avtale mellom styret/bokredaksjonen og nettredaksjonen, der blant anna reglar for utlegging av stoff frå Fronsbygdin på nett vart fastlagt.

Æresmedlemskap. Det er kome forslag på æresmedlemskap i historielaget. Etter en del diskusjon vart det bestemt ikkje å utnemne nye æresmedlemmer fordi det er så lang tid sidan førre utnemninga at det fare for at kvalifiserte kandidatar kan bli gløymt. I staden vart det bestemt at kandidatar til æresmedlemskap skal ærast på årsmøtet.

Kulturkveld på Borg i Kvikne vart arrangert 11. juni. Magnar Wistad fortalde om Olav Tordsson Åsmundstad, og Marit Håkenstad fortalde om stortingsmannen Ole Poulsen Haagenstad, som var født på Harildstad i Kvikne.

Fron historielag var representert ved byfesten på Vinstra, opninga av kulturstien langs Skurdalsåa og opninga av eit restaurert hus i Skar.

Kommunalt valde medlemmer i Fron historielag: Hans Petter Solberg
Varamedlem: Ove André Øybrekken

Medlemmer som er gått bort siste år:
Styret vil heidre Martha Bjerke, Bjarne Jetlund og Arve Skurdal for lang og aktiv teneste i laget. Spesiell takk til Martha og Bjarnes etterlatne som til saman gav Kr. 35.000,- til Fron historielag.

Registrering av historiske bilde. Fron historielag takkar Vegar Skar for det store og viktige arbeidet hans gjennom mange år med registrering og arkivering av historiske bilde frå Fron.

Rapportar:

Fronsbygdin ved Gard Espeland og Rasmus Stauri
Årboka var ferdig frå trykkjeriet/bokbindaren i god tid, og vart presentert på eit ope møte på Rudi gard 29. november 2015 med servering av kål og med underhaldning. Som vanleg var oppmøtet svært godt. Skodespelar Per Tofte fortalde levande om teaterlivet sitt og spissartikkelen i 2015 i årboka var «Frå Steingeilen til Champs Elysées». TVØst laga ein fin reportasje frå lanseringa. Vemund Hagen stilte ut bilete teke i 1992 av ”Litljgardskaræin” frå Sødorp. Ein del av desse bileta er også med i årboka. Fleire av artikkelforfattarane var til stades og fekk overrekt kvart sitt eksemplar av boka med takk for innsatsen.
Tilgangen på artiklar er framleis god, men redaksjonen ønskjer seg fleire kvinnelege og unge skribentar. På grunn av sjukdom har Per Ottesen gått ut av redaksjonen etter at 2015-boka var ferdig, og styret vil takke han for innsatsen han har gjort for Fronsbygdin sidan han kom inn i redaksjonen i 2008. Styret ønskjer også å takke han for innsatsen med å ta vare på og å skape interesse for lokalhistorie reint generelt. Både gjennom avisa Dølen og ved fleire lokalhistoriske bøker har han lagt ned eit imponerande arbeid. Redaktør Rasmus Stauri og redaksjonssekretær Gard Espeland held fram med bokarbeidet. I styret er Marit Taarud Kirknes bokansvarleg, og ho har hovudansvaret for sal og distribusjon.
Arbeidet med årboka pågår nå, nær sagt, året rundt. Og arbeidet med 2016-boka var i godt gjenge ved årsskiftet.

Nettredaksjonen ved Carl Henrik Grøndahl
13. april 2016 har heimesida til Fron historielag vore i drift i tre år. Det er lagt ut nesten 800 artiklar og rundt 3000 bilde, 30 lydkutt og vel 20 filmar/videoar.
I løpet av dei tre åra har det til saman  vore meir enn 400 000 visningar.
På ein vanleg dag er det mellom 300 og 400 klikk på sida, rundt 30 berre frå USA. Facebook-sida til laget har nå over 2800 følgjarar.
I nettredaksjonen er Nils Christian Steig, Ole Christian Risdal og Carl Henrik Grøndahl.

Fron bygdatun  ved Rolf Hage
Bygdatunet har i år som tidlegare år vore brukt av barnehage, skuleklasser osv. Ei ungdomsskoleklasse hadde avslutning med grilling. Det har også vore undervisningstimer på tunet. Fron bygdatun er ein populært stad for fotografering av konfirmantar, brudepar o.l.
Ole Simen Kongsli har slått graset med maskin denne sommaren også, og Kåre Tveit og Rolf Hage har brukt grastrimmaren rundt murar, hafeller og langs gangvegen. Saga og mølla har ikkje gått, da ”open dag” ikkje vart arrangert.
Medlemmer av Bygdatun-styret har ellers hatt nokre  møte og gjort dette:

  1. mai: Vårpuss ved ROTARY-klubben. Halfdan Haanshus stilte med traktor og Rolf med kringle frå historielaget.
  2. juli: Olsokmesse.  Kåre Tveit ordna det praktiske med servering  og la elles til rette.

  3. september: Reparasjon av akseltapp i vasshjulet på saga gjort av Iver Bjerkehagen, Kåre Tveit og Rolf Hage.

  4. september: Fullført reparasjon av vasshjul. Montert eit lite skråtak til vern mot takdrypp og synnavêr. Prøvde å jekke opp låven, men den var for tung, og arbeidet må gjerast i samband med takreparasjon.  Iver, Kåre og Rolf.

  5. oktober: Presten og 5-åringar besøkte kvernhuset. Dei stekte avletter på bygdatunet.

  6. november: Fullført tak over vasshjul. Rydda utemøblar inn i fjøset. Iver og Rolf.

  7. desember: Julegrana vart tent av Kåre og Rolf.

Innsamling av innmarksnamn i Sør-Fron
Hans Odenrud starta arbeidet med innsamling og kartlegging av innmarksnamn i Sør-Fron for over 10 år sidan på oppdrag frå Bygdekvinnelaget. Hans har lagt ned eit enormt  arbeid med dette, og Fron historielag er kome med på slutten for å fullføre prosjektet.
Ei gruppe samansett av Hans Odenrud, Svein Jetlund, Anders Nustad, Sigrid Bergseth, Eli Ringen og Else Marie Sletten, er nå i arbeid. Dei tek sikte på å få ut ein siste korrektur på karta før sommaren.

Eivind Holen
sekretær

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s