Litt om ost og handelspolitikk – og årsmeldinga frå laget

Hit, til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten, kom kjuka frå Fron, vart tørka og send til Tyskland. Så kom det folkevogner att. Bilde frå Maihaugen/Digitalt museum. Foto: Elstad
Raudost er ikkje ost, kunne Asbjørn Ringen fortelje på årsmøtet i historielaget. For ostestoffet, kjuke som det heiter i Gudbrandsdalen – eller kasein med proteiner og aminosyrer – er tatt ut. Kva gjorde dei så med ostestoffet i Fron etter at raudosten var laga? Sende det til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten. Der tørka dei det og eksporterte det til Tyskland, der det vart knappar og kleshengjarar av mjølka. Etter krigen, da det var importrestriksjon på bilar, vart kaseinet bytta mot folkevogner. Les meir