Ein formann går av

-Litt harmeleg at ingen vil ta over, men eg trur det går bra

aharsmote

Anders Hage ønskjer velkomen til sitt siste årsmøte som leiar for Fron historielag. Foto. Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: -Du veit det, seier Anders Hage når han nå sluttar som leiar i Fron historielag etter seks år og mange fleire som varamann i styret, -når du har ein liten gard i Kvikne, må du kunne mykje om mange ting. Eg var gardbrukar, men kjørde ôg buss og lastebil før eg begynte meir med snekring.

bhage-1

Det har vore interessant og triveleg! Foto: Ole Chr Risdal

I 25 år har han hatt vaktmesterjobb i DNT på sjølvbetjeningshytta Skriurusten vest for Espedalsvatnet.-Det er veglaust, så du må køyre til ved og proviant på vinterføre med skuter. Om somaren er det litt vedlikehald. Ein jobb som passar godt for ein som har snøskuter og er i bra form. Det er ingen pensjonsalder her, veit du. Helsa bestemmer det. Og så får du betalt for å gjere ein fjelltur!

Skriurusten

Her har Anders Hage stelt og forsynt i omlag 25 år

-Kvifor eg gjekk inn i styret i historielaget? Har alltid vore interessert i å høre eldre folk som fortel om det som har vore. Far min dø tidleg, onklane var borte, og eg hadde ingen å spørja. Så var eg varamann i styret i mange år. Rundt 2009 vart det litt stopp, og laget vart utan formann. Så ringte dei og spurde om eg ville kome på eit styremøte. Slik gjekk det til at ein varamann vart formann. Eg tykte det var harmeleg at det ikkje fungerte. Per Oluf Solbrå og eg fekk til ny avtale med bokredaksjonen, og den fungerer jo svært bra. Vi hadde prøvd med heimeside før. Såg jo at tida var komen, men det vart for gamaldags. Så dukka du opp som lyn frå klar himmel og laga og driv ny heimeside. Heldig for oss, for den er mykje brukt og sett, og alle likar sida.

-Korleis har dei vore, desse seks åra som leiar i historielaget?

-Interessant og triveleg. Litt harmeleg at ingen vil ta over, dei trur kanskje det er verre enn det er.  Dette er ikkje enkelt nokon stad. Alle slit. Ingen som vil sitje i styre og stell og drive. Men eg trur det går bra. Det rettar seg nok når dei får tenkt seg om. Nå er laget på plass, og det er trass alt gyseleg mykje folk som er involvert i historielaget: Styret med vara, bygdetunnemnda med vara, bokredaksjonen med mange som skriv, heimesida og Facebooksida og alle som følger dei. Mange har eit godt forhold til Fron historielag.

1461746_406711162765644_243124991_n

Han har fast plass på banneret til historielaget si fjesbokside.

Kva trur du om framtida?

-Laget må engasjere seg i lokale saker og støtte opp om det som vedkjem folk. Vi kan ikkje gå laus på store prosjekt, sjølv om vi har skilling i banken. Eg har alltid hevda at vi kan ikkje bruke meir enn vi tener. Men vi har restaurert mykje på bygdatunet, saga og kvennhuset er i god stand nå.

Og så må avtroppande formann av garde. Han skal til Drøbak og reparere eit tak med skiferstein. Han fekk med seg blomer og varm takk for innsatsen frå årsmøtet.

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s