Daily Archives: 15. april 2016

Ein formann går av

-Litt harmeleg at ingen vil ta over, men eg trur det går bra

aharsmote

Anders Hage ønskjer velkomen til sitt siste årsmøte som leiar for Fron historielag. Foto. Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: -Du veit det, seier Anders Hage når han nå sluttar som leiar i Fron historielag etter seks år og mange fleire som varamann i styret, -når du har ein liten gard i Kvikne, må du kunne mykje om mange ting. Eg var gardbrukar, men kjørde ôg buss og lastebil før eg begynte meir med snekring. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Laget utan leiar

styret2016

Nyvald styre i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Frå venstre: Ole Christian Risdal, Eivind Holen, Marit Taarud Kirknes, Knut Ulberg, Ellen Steberg, Anders Nustad og dei to nye i styret: Åge Hagestuen og Egil Myhre. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Ingen ville ta på seg å gå inn som leiar av Fron historielag, når Anders Hage nå trekk seg ut etter å ha vore formann i seks år. Det kunne formannen i valnemnda, Svein Jetlund, fortelje dei 5o frammøtte på årsmøtet i går. Det blir derfor opp til det nye styret å finne fram til ein leiar mellom dei åtte som nå er valde . Ikkje første gong dette hender. Det same hende på byrjinga av 2000-talet, og laget fekk ein god leiar etter kvart. Så nå må vi berre vente på at det stig kvit røyk opp frå første styremøte.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon