Monthly Archives: april 2016

Oss gjekk å les – konfirmant i 1946

4 km på føtene, 3 km på sykkel og så bilsjuk på buss

letrudOSKAR LETRUD: Konfirmanttida starta den gang med at vi møtte i Sødorp kyrkje til innskriving på ein tirsdag etter påske, der vi møtte prost Bjarne Nordrum,(1883-1962). Av folket var han nemt Nordrumen. Han var prest i Nord-Fron frå 1925 til han gjekk av i 1953, i tillegg var han prost i Midtre Gudbrandsdal prosti fra 1933 til 1952. Om vi var ein tur på Vinstra og møtte presten som bestandig hadde på seg svart dress og som ofte berre gjekk og trilla sykkelen sin, så var det vanleg å hilse pent, og da letta han på hatten. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Ho skal åt Moa på soldat-dansen

1465270_407382276031866_1580804662_n

Det er nok ikkje desse han diktar om, Ola Døl, men det kan vere ei fredeleg syndasefta med dugnad i lugomt ver.

Ola Døl dikta ei framifrå folkelivskildring om alt du kan sjå på ein fredeleg syndasefta når det er lekkert og lugomt ver – om onggutslamper og jenter som vrir seg, om n`Slette-Simen som kjem gå´n på tverten,  om dokka frå Bakke som kjem trippan, og om Guri Kroka som skal vitne om synda si: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Det første verkelege slaget

kvam3

kvam4NRK sender nå dokumentarserien Alliert og alene, om felttoget til tyskarane i Norge i april 1940, der vi treff norske. britiske og franske soldatar som var med i kampane mot dei. I del 2, ca 40 minutt inn i episoden, skildrar dokumentaren kampane i Kvam med tyske dokumentaropptak og rekonstruksjonar. Serien vart ôg send i fjor, og du kan sjå den på nettet fram til 25. mai i år. Her kan du lese meir om krigsåra i Fron. Og her er fleire bilde frå serien: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Dæ va ein stygg mann og ei stygg øks

Møt Londin – nok eit vidunderleg portrett frå Ivar Kleiven

vinster2ok

Var det slik fisk han kjempa for, Londin frå Sødorp? Solveig og Erling Rønning med ein rugg på 6,4 kg frå Vinstervatnet. Bilde frå fiskeguiden.no

IVAR KLEIVEN: På Londe i Sødorp var det på byrjinga av 1800-talet ein uturmåta stor og sterk kar, som ikkje nokon torde gå i kast med ein mot ein. Han dreiv mykje på fiskjing i Vinstervatna både somar og vinter, og enda valdersan var redde for han, hende det imellom dei prøvde å setja opp uggan. Ein gang vart det stole flesk og ein tom fiskekopp i bua hans, det var nok ikkje mange å gjera val på, tykte Londin, og så gjekk han beinast borti bua til tre valderse som låg ved eit av vatna og la dei ut for tjuveri. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Mjølk frå Fron vart til folkevogner

Litt om ost og handelspolitikk – og årsmeldinga frå laget

casein

Hit, til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten, kom kjuka frå Fron, vart tørka og send til Tyskland. Så kom det folkevogner att. Bilde frå Maihaugen/Digitalt museum. Foto: Elstad

Raudost er ikkje ost, kunne Asbjørn Ringen fortelje på årsmøtet i historielaget. For ostestoffet, kjuke som det heiter i Gudbrandsdalen – eller kasein med proteiner og aminosyrer – er tatt ut. Kva gjorde dei så med ostestoffet i Fron etter at raudosten var laga? Sende det til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten. Der tørka dei det og eksporterte det til Tyskland, der det vart knappar og kleshengjarar av mjølka. Etter krigen, da det var importrestriksjon på bilar, vart kaseinet bytta mot folkevogner.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Ein formann går av

-Litt harmeleg at ingen vil ta over, men eg trur det går bra

aharsmote

Anders Hage ønskjer velkomen til sitt siste årsmøte som leiar for Fron historielag. Foto. Carl Henrik Grøndahl

CARL HENRIK GRØNDAHL: -Du veit det, seier Anders Hage når han nå sluttar som leiar i Fron historielag etter seks år og mange fleire som varamann i styret, -når du har ein liten gard i Kvikne, må du kunne mykje om mange ting. Eg var gardbrukar, men kjørde ôg buss og lastebil før eg begynte meir med snekring. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Laget utan leiar

styret2016

Nyvald styre i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Frå venstre: Ole Christian Risdal, Eivind Holen, Marit Taarud Kirknes, Knut Ulberg, Ellen Steberg, Anders Nustad og dei to nye i styret: Åge Hagestuen og Egil Myhre. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Ingen ville ta på seg å gå inn som leiar av Fron historielag, når Anders Hage nå trekk seg ut etter å ha vore formann i seks år. Det kunne formannen i valnemnda, Svein Jetlund, fortelje dei 5o frammøtte på årsmøtet i går. Det blir derfor opp til det nye styret å finne fram til ein leiar mellom dei åtte som nå er valde . Ikkje første gong dette hender. Det same hende på byrjinga av 2000-talet, og laget fekk ein god leiar etter kvart. Så nå må vi berre vente på at det stig kvit røyk opp frå første styremøte.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Velkomen til årsmøte i kveld!

I kveld, torsdag 14. april  2016  kl. 19.00  på  Hundorp Dale-Gudbrands Gard, der Asbjørn Ringen held foredrag om meieridrifta i Midt-Gudbrandsdalen. Det er vanlege årsmøtesaker og litt om utfordringane med årboka Fronsbygdin. Bevertning.
Styret ønskjer nye og gamle medlemmer vel møtt. Det er også bankgiroar på veg til dykk som er medlem. Vil du melde deg inn og støtte arbeidet Fron historielag gjer, er du hjartleg velkomen! Berre 100 kroner til konto 2095 32 92735, Fron historielag, 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse. Vel møtt!

242228_156392271094864_7466224_o

Asbjørn Ringen

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Utsynet over Lomoen – åååå

Ikkje noko nytt tema. Her er Tobben (Torbjørn Mathiesen) i revyen Væl tynt  1982. Attpåtil er det livsfarleg å vere pensjonist på Vinstra.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk, Musikk

Fløterdrama i Frya

Hva som skjedde da en tømmerlunne satt fast nede i gjelet

firtned

Fløter firt ned ved Frya mølle. Bilde fra Ole Anders Listad.

ODD IVAR STORLØKKEN: Tømmerfløting i Frya-elva tok slutt i midten av femtiåra. Fra jeg var guttunge og oppover, var det mye brukt å gå borti Dala, som vi sa, og bivåne tømmerfløternes tøffe arbeid. Før tyskerne stengte veien over Haugom, var det kort vei for oss øverst i Fryaroa. Da veien ble stengt, måtte vi ned på riksveien for å komme bort i Dala.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn