Med klassikaren Fjols til fjells vil Fron historielag ønskje alle følgjarar hjarteleg velkomne til fjellheimen vår! Filmen frå 1957 vart i hovudsak innspelt på Gålå Høgfjellshotell. Møbelpioneren og reklamemannen Ragnvald Krogenæs nytta høvet til å plassere møblane sine i foajéen, og oppnådde såleis ein svært god reklameeffekt. I fjor kjøpte Morten Midtskog eigedomen, og det var artig å konstatere at det tradisjonsrike hotellet hamna på lokale hender! God påske! Les meir