Daily Archives: 10. februar 2016

For 30 år sidan?

I dag er det velkjend, det Vemund Hagen syner fram i denne filmen, som er ei hylling til landbruket i Nord-Fron. Men tenk om nokon hadde laga ein slik film for 30 år sidan? Hadde vore gildt å sjå i dag. Like gildt som det vil vere å sjå denne filmen om 30 år. Eller videoen under – handtrekking av plog på Frya.

Så – om historielaget ikkje innbyr til videotevling i år, vil ein likevel stimulere dei som har lyst, til å prøve seg ut i mediet. Mobiltelefonen er alt du treng.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk

Nei, det vert ikkje noko i år

Det kjem ingen invitasjon til videokonkurranse med pengepremiar frå Fron historielag i år. I fjor var det ingen som hadde lyst eller høve eller interesse nok til å vere med, og det har styret tatt konsekvensane av. Så får ein berre håpe at frøningane etter kvart oppdagar kva for eit enkelt, billeg og framifrå medium video er til å fortelje lokalhistorie. Videoen over et eit døme på kor enkelt det kan gjerast, og kor mykje bilde og lyd fortel. Meir enn 500 har så langt sett han på youtube.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon