-Har du noe å male på, så

Christoffer Stixrud – ein målar i Nord-Fron

stixrud1

Tørrstugu på Lo. Det er om føremiddagen nyttårskvelden, lyset kjem inn frå sør og gir  gylden glød i tømmerveggane. Stugu står den dag i dag og er lett å kjenne att, sjølv om det nå er meir lauvskog. Olje på plate, 23×22. Eigar: Geir Moe. Foto: Beathe Båtstad.

JON STEINHAUGEN: Dei fleste måleria av Christoffer Stixrud (1900-1968) som er i privat eige i Nord-Fron, er måla i krigsåra 1940-45 og fram til -47. Det har si naturlege forklaring. På grunn av krigsutbrotet flytta familien frå Oslo til Vinstra og leigde seg hus på Nybakk i Sørdorp. Dei fyrste krigsåra brukte dei til å byggje nybrotet Temorka øvst i Sødorp. Der hadde dei både ku, gris, sau, geit og høner. Stixrud var gift med Olaug Longva, dotter til lærar og klokkar i Sødorp.

Christoffer Stixrud kunne utføre arbeidet sitt raskt og sikkert. Ei historie etter Ragnhild Green fortel noko om dette.

Ho var budeie på Byrløkkesetra på Lauvåsen en sommar. Ein dag ho skulle i fjøset for å mjølke, sat Chr. Stixrud og måla ovanfor selet.

«Du har måla så mange bilde tå setra her, at nå han du måle eit åt meg au», sa ho.

«Ja, har du noe å male på, så», sa Stixrud.

Til alt hell fann ho ei lita huntonittplate og gav han.

«Å trur du itte at da eg var ferdig med å mjølke, var han ferdig med maleriet. Å fint vart det au.»

stixrudbrabndvoll

Brandvollsetra, olje på plate

I 1937 måla han mange måleri frå området rundt Sulsetra på Sødorpfjellet. Nokre små målerier måla på treplater. Dei framstiller seterhus, uthus og løer og er spesielt vakre. Mange av måleria har ôg kulturhistorisk interesse, sidan mange av husa er borte i dag. Eit av måleria viser at det ved Brandsvolsetra var vasshjul i elva Sula. Eit anna at det var vassrenner frå Sula langs «Gutua» i Sødorp. Eit tredje viser utedassen på Lykkjom med døra vend ut mot E6. Trafikken var kanskje mindre sjenerande den gongen!

Det eldste måleriet frå Nord-Fron som eg har greitt å registrere, er frå 1929. Motivet er ungjenta Olaug Longva sitjande ved peisen. Det er kveld. Motiv i kunstig lys brukte Stixrud mange av i måleria og litografia sine.

Redigert utdrag frå artikkelen «Kunstmålaren Christoffer Stixrud» i Fronsbygdin 2005

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s