Dyrlege Magnar Sletten fortel om dei 33 åra i Fron

Har lammet feber? Magnar Sletten (t.h.) og Jon Stebergløkken på Prestgarden. Foto: Åse Stebergløkken.
MAGNAR SLETTEN: Kona og eg opplevde mykje artig dei trettitre åra vi heldt på med dyrlegearbeidet i Fron. Ein gong kunne eg konstatere at ein hest rett og slett bad om hjelp, da han på beite hadde fått ein stiv grankvist i lysken og ikkje kunne flytte på seg. Eg kunne høyre at da eg kom, stod hesten og humra og prøvde å fortelja meg at han bad om hjelp. Les meir