Monthly Archives: januar 2016

Øl og snus mot militærteneste

Meir om legenda doktor Grønning

Han skulle gått til dokter Grønning, guten i Peer Gynt, som hogg av seg fingeren for å sleppe kongens teneste. Men da hadde det ikkje vorte noko av Prestens tale.

GUNNAR LIEN: Bjarne Nystuen på Frya vart innkalla på sesjon. Men han var så uhuga på denne eksisen at han gjekk til doktor Christian Grønning og spurde om han kunne få noko middel som gjorde han sjuk for ein dag, slik at han vart friteke. Nokon slik medisin ville ikkje Grønning gje han. Men dersom guten nå ønskte å bli sjuk, rådde Grønning han til å kjøpe seg ei flaske landsøl og ei øskje med snus. Før han gjekk frå heimen, skulle han ta nokre klyper med snus og blande nedpå ølet for å drikke seg i seg denne stygge blandinga. Bjarne gjorde som Grønning hadde sagt, og da han på veg til sesjonen gjekk forbi Jetlund, tok han til å kjenne seg uvel. Da han gjekk opp trappa til kommunesalen, der sesjonen skulle vera, kjende han at det svartna for augo. Ein slik sjukling ville dei ikkje ha i kongen sine klede. Bjarne vart vraka, men eit par dagar seinare var han like frisk att. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Dokteren som var svart på fingrane

Nokre bitar frå legenda om Christian Grønning

grønning

Doktor Christian Grønning 1946

GUNNAR LIEN: På ein plass opp for Tåkåstad budde det ein mann som heitte Lier. Han dreiv med tømmerhandel og hadde ei hushjelp som heitte Anne. Ein gong Anne var sjuk, vart det send bod på doktor Falck. Han var ei tid lege på Sør-Fron samstundes med doktor Christian Grønning. Falck undersøkte Anne og fann ut at det ikkje stod så bra til med henne. Da Falck skulle til å gå att, kom Lier etter han ut på trappa og spurde: «Men tror du virkelig at Anne er så syk at vi må få tak i Grønning?» Det var Falck sjølv som fortalde denne historia, han såg det komiske i det. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Erling Rolstad og den pjuskete Jacob Weidemann

JW

Den pjuskete hyttekjøparen i 1970. Foto: NRK

HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Kvam vart ei rein itte-bygd

Helge Stormorken fortel om barndom på 1930-talet

kvamsentr

Veikledalen mot Kvamsfjellet. I dag ligg Kvam sentrum på flata. «Eit lysorgel».

HELGE STORMORKEN: Lysbilet haust og vinterstid i Kvam var eit anna. Om natta var det nesten ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjøs. Men det var langt frå flomljos. Det som var svart natt, er nå eit lysorgel.  Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Det store skøiteløb paa Vinstra i gaar

skøiteløbAFTENPOSTEN 15.3. 1920: Det var med store forventninger at Vinstra skøiteklub og befolkningen heroppe imødesaa skøiteløbene her i dag. De var reklameret godt, og der havde meldt sig en række af de bedste løberne fra Kristiania og Mjøsbyerne. En skuffelse var det at Ole Olsen ikke kom. Han var forsinket paa hjemtur fra Finland og kom ikke til Kristiania før lørdag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett