Paparazzi på Gålå

carlg

Dei vart vel oppdaga ved Jetningen

KRISTIAN HOSAR: Etter unionsoppløysinga kom ingen svensk prins eller konge til Gålå att før utpå 1970-talet. Da vart den unge kongen, Carl Gustaf, fritt vilt for pressa. Han budde i hytta til ein Oslo-famlie saman med tyske Silvia Sommerlath. Ho hadde han treft under München-OL i 1972. Han var den mest ettertrakta ungkaren i Europa, og det var ikkje lett å få vere i fred.

Sonen på Bergengren-hytta, eller Bugge-hytta, hadde gått på skule saman med han og lånte bort hytta til Silvia, Carl Gustaf og følgjet deira. Dei to gjekk vanlege skiturar i området, blant anna mot Jetningen og Blåbærfjellet. Kristine og Albert Wadahl følgde med. Carl Gustaf bar sjølv ein stor ryggsekk, kanskje for å gøyme seg mest mogleg bort. Men så lak det ut at kongen var på Gålå. Og maken til pressejakt og paparazzifotografering har gudbrandsdølane ikkje opplevd korkje før eller seinare.

Redigert utdrag frå artikkelen  «Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år» i Fronsbygdin 2006

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s