Målaren Peter Nicolai Arbo (1831- 1892). Etter hogget, og dei er litt altererte, folket til Dale-Gudbrand. Ingen rottar og ormar som tyt ut, men dramatisk er det med mykje folk. Kongen er ein rett så røsleg kar. Har målaren vore på staden? Vi ser nordover dalen?
Arbo hadde kanskje sett teikninga til Adolph Tidemand (1814 – 1876) som ôg tar situasjonen etter hogget. Ikkje nokre småkryp tyt ut her heller. Dei er nå svært tette, dei to hærane, og dei sit godt. Heilag Olav er ein nokså liten kar og småtjokk? Tidemand brukar ikkje landskapet.
Denne teikninga vart til under krigen; teiknaren Rolf Egeberg sin illustrasjon til hendinga på Hundorp i boka Soga fortel, Blix forlag 1942. I hogget, solrenning, og endeleg ein Tor som er verkeleg ruvande.
Den velkjende teikninga av Halfdan Egedius i Snorre, stilisert, og det går svært så fredeleg føre seg. Her sit dei pent som skuleelevar, dei to hærane, medan dei ventar på sola? Som kongen får rett i augo? Egedius har fått med seg gravhaug, Laugen og landskapet.
Til sist det kjende måleriet til Ragnvald Einbu på Hundorp. Han hadde naturleg nok vore på staden og fått med seg landskapet. Respektfull avstand mellom hærane. Lenge før hogget og ikkje så dramatisk. Kanskje har han sett mykje på teikninga til Egedius? Ikkje så få likheitstrekk.
Dette var eit fint utval. Og fleire illustrasjonar finst. Kven kjenner til andre?
LikarLikar