Ikkje rart at Fron er ei turistbygd!

Ragnarovrelid

Ragnar Øvrelid har skrive historia om Fron i to bind. Foto: Rasmus Stauri

RAGNAR ØVRELID: I januar 1971, trur eg det var, kom Hans Petter Kleiven til Ålesund for å «selje Gudbrandsdalen» som turistmål. Han gav ei medrivande skildring av landskap og folk, han viste bilde, og han delte ut brosjyrar med barn i fargerike blomsterenger, med skiløparar som helste forbindtleg gjennom store panoramavindu inn til lett påkledde badedamer i innandørsbassenget på høgfjellshotellet. Eg søkte jobb på Gudbrandsdal gymnas, vi selde huset, pakka og reiste.

I hjertet til oss nordfjordingar har alltid Gudbrandsdalen hatt ein spesiell plass. Den brå overgangen frå dei loddrette fjellstupa i Stryn til dei rolege, horisontale linjene i Skjåk og vidare nedetter dalen gjer like sterkt inntrykk kvar gong. Dei første turane eg gjorde over Strynefjellet, var som ei reise inn i eit framandt, eksotisk landskap. Eit flatt fjell!

vinstrahotell

I drosje til Oslo, overnatting på Vinstra Hotell

Ein nordfjords- eller sunnmørsfamilie som skulle til Oslo før og like etter krigen, leigde ofte drosje. Det var ikkje så dyrt, men det tok som regel to dagar i roleg tempo på dei smale grusvegane. Det vart gjerne til at vi overnatta på Vinstra, da var vi halvveges. Vinstra Hotell og Amundsen var kjende namn. Eg kjenner framleis dei merkelege luktene frå damplokomotiva på jernbanestasjonen. Ein regnvåt vestlending kunne føle det tørre landskapet og den skarpe kveldslufta i huda. Ved Hundorp kjørte vi forbi og kunne sjå med eigne auge sjølve norgeshistoria.

Vinstra var ein kjend stad på kartet. Fron hadde eg ikkje høyrt om. Men sidan lærte eg andre spennande namn derifrå: Rondablikk, Fefor, Golå, Wadahl. Ein kunstmålar eg kjende, sykla til desse hotella i krigssomrane og selde vinterproduksjonen av vestlandsfjordar til turistane der.

Eg minnest uhygga og spenninga da dei to søndagsskolelærarane mine – den eine vart ein kjend politikar og heiter John Austerheim – kom att frå krigen i Gudbrandsdalen i april 1940. Dei hadde rømt heim gjennom Kvam, og dei fortalde oss om opplevingane sine da dei kom tilbake. Det vart fleire søndagsformiddagar nesten utan bibelord den sommaren.

Da eg kom i skolearbeid i Ålesund, høyrde eg med ei viss misunning på dei meir velslåtte ungkarane på lærarromet, som skulle på vinterferie, eller på påskeferie. Helst skulle dei til Wadahl, til Fefor, og etterpå gav dei med brune fjes spennande beretningar om livet der, frå skiløypene og frå det søte inneliv.

feforhotell

Vi oppdaga badebassenget på Fefor, der barna kunne plaske i triveleg miljø.

1960-åra kom. Da hadde vi fått bil, og på feireturane tok vi gjerne sidevegane gjennom Gudbrandsdalen. Vi oppdaga badebassenget på Fefor, der barna kunne plaske i triveleg miljø, vi oppdaga Golåvatnet og Valsvatnet. Ved bommen til Per Gynt-vegen ved Wadahl gløymde eg att eit fint og dyrt fotoapparat og sakna det ikkje før vi var på Otta. Vi kosta tilbake i eit veritabelt sommarstyrtregn, opp til Wadahl igjen. Og der låg Rolleiflexen like god, på ein stein ved vegen, pent innpakka i tett plast. Eit lyst minne om andre tider og om ærlege folk.

Lauvåsen 1950

Vi oppdaga den koselege fjellstova Veidarvon, Lauvåsen med alle dei eldre bydamene i kvite lerretshattar, og heilt på toppen: Fagerhøy, like høgt som Strynefjellet, og så full sommar!

Sidan, da vi hadde flytta hit, fann vi snart andre turmål også. Sørdorpfjellet med kaffi på Sulsætra, Toksesætra i Fiskedalen, der vi kunne hente upasteurisert mjølk til rømmekolle, Eldåsætra med alle geitene. Og på Vestkjølen: Hattdalssætra, der Sylte-folket selde verdas beste rømmevafler, Ruten med utsyn over heile det søraustlege kongeriket, Espedalen ennå med lukt av gammal gruvedrift.

Vi oppdaga at etter ein times kjøring frå Vinstra kunne vi vere i tjukkaste Jotunheimen, eller ved foten av Rondane. På skidagane på ettervinteren kunne vi velje mellom 20 reisemål, og aldri ha problem med å sette frå oss bilen. Det var noko anna enn dei køane på Utvikfjellet og Ørskogfjellet vi var vane med.

Som eit Soria Moria. Foto: Bård Gundersen/Wadahl

Eg gløymer aldri ein kveldstur i mars frå ei hytte ved Svintjønn vi hadde besøkt, tilbake til bilen på Golåsæter. Det vart mørkt før vi glei ned bakkane frå tårnet. Då såg vi Wadahlhotellet. Som eit Soria Moria slott lyste det gjennom blått kveldsmørker. Vi vart ståande der lenge

Eller juledagar med den låge sola gjennom rimprisme i småskogen innover mot Bjørkåsen. Eller ein vårdag langs Glitra med smeltande is, den finaste bekken i fjellet. Eller ein halvtimes biltur frå tidleg sommar opp til ei anna årstid, til den bleikgrøne våren i Skåbu  med det store lyset! Eller duse kveldar med flugestonga langs Vinstraelva ved Storhølisæter.

Ikkje rart at Fron er ei turistbygd!

Frå Historia om Fron, bind 2.  Publisert her første gong 9. juni 2015

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

One response to “Ikkje rart at Fron er ei turistbygd!

  1. Bjarne Berntsen Kjølveien 161 2760 Brandbu.

    Hei. Det var artig å sjå,Da mine foreldre var sveiserfolk. på hov i ruste ifrå 14.april 1958 til 1962.Så jeg sykla og flaug innover åt Fagerlig og Graslig setra .Jeg skreiv i ei bok innover åt ruten da det ligger eller stor ei lita .eller om den har døtti ner .

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s