Tenk deg at du gjekk på skulen i 1830

Du lærte nok ikkje stort

Elevane måtte lære både gotiske og latinske bokstavar. Ikkje rart at mange sleit.

TORE FEVOLDEN: Fyrst i 1860-åra kom dei fyrste faste skulehusa i Fron, og inntil da måtte undervisninga skje rundt på gardane. Bøndene hadde pålegg om å halde læraren med mat og hus og elevane med ei skulestugu, eit klasserom. Dette gjekk på omgang mellom dei største gardane. Dei som var lærarar, slapp å gjere militærteneste etter å ha undervist i ti, seinare sju år. Og presten plukka ofte ut nokon av dei flinkaste konfirmantane til lærarar.

I omgangsskulen var det ikkje mange vekene med undervisning. Det var obligatorisk med minst 8-12 veker i året frå barna var sju til åtte år fram til konfirmasjonsalderen. Dette galdt frå 1827, men på grunn av fråvær var det mange som berre fekk lite skulegang. Difor rakk dei heller ikkje å lære stort. Fråværet kunne kome av sjukdom, av at elevane ikkje hadde gode nok klede til skulebruk, av at dei hadde lus eller fordi dei måtte helpe til heime.

Ein skulestatistikk frå rundt 1850 seier at  berre godt under halvparten av elevane utanom byane fekk undervisning i skriving, og ekstra dårleg vart det i omgangsskulane. Frå 1830-åra skulle elevane lære både gotiske og latinske bokstavar. Dette kunne naturleg nok gjera det enda vanskelegare å lære skrivekunsten. Enda færre lærte å rekne. I rekning fanst det heller ikkje lærebøker med oppgåver, så det var vanskeleg å setja elevane i gang med rekning på eiga hand.

Redigert utdrag frå artikkelen «Omgangsskulelæraren i Langli´n» i Fronsbygdin 2014

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s