Daily Archives: 14. januar 2016

Nå kan du bli med til folkehøgskulen

Ny nettside i Opplandsarkivet er ei god utstilling

GfolkehøgnettMange har gått på Gudbrandsdalen folkehøgskule før han vart nedlagd i 1987. Nå ligg det ei utstilling om skulen på nettet under Opplandsarkivet avd Maihaugen. Her er historikk og mange bilde, brev og artiklar, stoff om elevar og bygningar,  om Grundtvigianismen og Einbusamlinga. Det er berre fem år til 1000-årsminne for møtet mellom Dale-Gudbrand og Heilag Olav. Her kan du lese om festen ved 900-årsminnet i 1921. Dette er ei nettside som vil vere interesant for mange. Her er ei historie om Sigrid Undset:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kunst og handverk, Kvinner, Menn

Tenk deg at du gjekk på skulen i 1830

Du lærte nok ikkje stort

Elevane måtte lære både gotiske og latinske bokstavar. Ikkje rart at mange sleit.

TORE FEVOLDEN: Fyrst i 1860-åra kom dei fyrste faste skulehusa i Fron, og inntil da måtte undervisninga skje rundt på gardane. Bøndene hadde pålegg om å halde læraren med mat og hus og elevane med ei skulestugu, eit klasserom. Dette gjekk på omgang mellom dei største gardane. Dei som var lærarar, slapp å gjere militærteneste etter å ha undervist i ti, seinare sju år. Og presten plukka ofte ut nokon av dei flinkaste konfirmantane til lærarar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk