Øl og snus mot militærteneste

Meir om legenda doktor Grønning

Han skulle gått til dokter Grønning, guten i Peer Gynt, som hogg av seg fingeren for å sleppe kongens teneste. Men da hadde det ikkje vorte noko av Prestens tale.

GUNNAR LIEN: Bjarne Nystuen på Frya vart innkalla på sesjon. Men han var så uhuga på denne eksisen at han gjekk til doktor Christian Grønning og spurde om han kunne få noko middel som gjorde han sjuk for ein dag, slik at han vart friteke. Nokon slik medisin ville ikkje Grønning gje han. Men dersom guten nå ønskte å bli sjuk, rådde Grønning han til å kjøpe seg ei flaske landsøl og ei øskje med snus. Før han gjekk frå heimen, skulle han ta nokre klyper med snus og blande nedpå ølet for å drikke seg i seg denne stygge blandinga. Bjarne gjorde som Grønning hadde sagt, og da han på veg til sesjonen gjekk forbi Jetlund, tok han til å kjenne seg uvel. Da han gjekk opp trappa til kommunesalen, der sesjonen skulle vera, kjende han at det svartna for augo. Ein slik sjukling ville dei ikkje ha i kongen sine klede. Bjarne vart vraka, men eit par dagar seinare var han like frisk att.

Christian Grønning (1883-1951) kom til Sør-Fron som distriktslege i 1919. Han og kona Elisabeth (født 1884 i Steinkjer, død i 1976) hadde tre ungar Elias (1914-1980), Carl (1916-1982) og Ingrid (1919- ) og flytta inn på Lillehove, i det tidlegare forretningsbygget til Hagen. Her vart dei tre yngste barna født, Jacob i 1920, Christine i 1923 og Sigrid i 1928. Da kommunen gjorde legebustaden om til gamleheim  i 1939, flytta Grønning litt lengre oppover Gammelvegen til Hamborg. Der leigde han villaen i drakestil av lærar Iver Iversen. I denne villaen hadde han legekontoret sitt i andre høgda, og her vart han buande resten av livet.

Doktor Grønning hadde eit frykteleg sinne, og det hende fleire gonger at han tok til fysisk vald. Ein gong slo han ned Olaf Haugen på Grov. Dette vart meld til lensmannen, og dei som vitna mot han i saka, la han så for hat at dei var redd han i lang tid etterpå.

Så var det ein gong han kom syklande ved Listadkrysset. Det var hålke og glatt på vegen, og Grønning volt i koll med sykkelen. Karel Steina som stod like ved, syntes nok dette var så morosamt at han sette i å gapskratte. Men det skulle han nok ikkje gjort, for Grønning fôr opp i fullt raseri over å bli gjort natt av og slo til Karel så han dreiv. Etter denne hendinga vart området ved Listadkrysset på folkemunne kalla «De karelske nes» etter det landområdet som Finland måtte gje frå seg til Russland etter krigen.

 

Redigert utdrag frå artikkelen «Dokter Grønning – ei legende på Sør-Fron» i Fronsbygdin 2009

 

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

2 responses to “Øl og snus mot militærteneste

  1. Lars Graff

    Grønning hadde au Ingrid som drukna på Losnavatnet med mannen (forloveden?) sin. Jacob var krikshelt under krigen. Han var navigatør (?) på allierte bombefly. Elias trur eg var doctor og Sigrid jobba I Oslo I Telegrafverket. Ho var gift med ein brannmann og var ofte på Fron.
    Vi var nære naboar, og mor som var trønder og jordmor kjente Grønning godt. Fru Grønning, etter ho vart enke, var ofte hos oss. Vi må hukse det gode og gløyme resten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s