Daily Archives: 12. januar 2016

Øl og snus mot militærteneste

Meir om legenda doktor Grønning

Han skulle gått til dokter Grønning, guten i Peer Gynt, som hogg av seg fingeren for å sleppe kongens teneste. Men da hadde det ikkje vorte noko av Prestens tale.

GUNNAR LIEN: Bjarne Nystuen på Frya vart innkalla på sesjon. Men han var så uhuga på denne eksisen at han gjekk til doktor Christian Grønning og spurde om han kunne få noko middel som gjorde han sjuk for ein dag, slik at han vart friteke. Nokon slik medisin ville ikkje Grønning gje han. Men dersom guten nå ønskte å bli sjuk, rådde Grønning han til å kjøpe seg ei flaske landsøl og ei øskje med snus. Før han gjekk frå heimen, skulle han ta nokre klyper med snus og blande nedpå ølet for å drikke seg i seg denne stygge blandinga. Bjarne gjorde som Grønning hadde sagt, og da han på veg til sesjonen gjekk forbi Jetlund, tok han til å kjenne seg uvel. Da han gjekk opp trappa til kommunesalen, der sesjonen skulle vera, kjende han at det svartna for augo. Ein slik sjukling ville dei ikkje ha i kongen sine klede. Bjarne vart vraka, men eit par dagar seinare var han like frisk att. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn