For å koma på sjukehuset måtte enden vera nær

Helge Stormorken fortel meir om oppvekst i Kvam på 1930-talet

sykekorg

Når sjukekorga venta, var det som regel teikn på siste reis

HELGE STORMORKEN: Det var tæring som herja. Og for tuberkulosen var det enda ikkje råd å få. Det var vanleg å spytte både inne og ute, og verst var klysene frå karar som togg skrå. At det stod Spytt ikkje på gulvet på tog, i butikkar, hotell og offentlege kontor slo sakte inn. Ein skøyer gjorde ein god vri på ein: Spytt i nevan, itte på golvet. Hygiene på alle plan var det heller lite av og ikkje mogleg. Innlagt vatn, pyjamas og tannbørste var ukjent. Og om vinteren var skinnfellen varmekjelda, når han ikkje var ute på snøen i frost for å knekkje udyra. Likhalmen vart brend. Det var madrassen på den tida, bygghalm heime og ofte storr på setrene.  Bålet var au melding til bygda om at eit liv var slutt.

Det var ikkje mange som hadde telefon, men sentraldama visste det meste av det som skjedde og kunne breie bodskap både om sjukdom, ulykker, daude og anna som folket hadde nytte av.

Barnesjukdommane treivst, kikhoste, diferi, kusma, «raue honne» gjekk på omgang. Tannverk og tannbyll var utbreidd og største årsak til skulefråver. Nye tenner til konfirmasjon var ikkje ukjend. Men Kvam har ikkje vore utsatt for poliomyelitt-farang som andre bygder i dalen.

Livslengda var låg, gjennomsnittleg ti år stuttare enn nå, mye grunna høge tap i barneåra. Med dårleg kost og mye tungt og farleg arbeid i skog og mark vart det mange brottskader. Men for å koma på sjukehuset måtte enden vera nær, og dei fleste som var lagt i sjukekorg og bore på toget, fekk siste reis – mange den fyrste au. Hos dei som fekk stell lokalt, vart det mange underlege stillingar om vinklar på arm og fot.

Lusplaga var konstant, massingkammen og lampeoiljen var jamnt i bruk. Loppa var liksom ikkje noko å bry seg om, alle fjos var fulle att straks flitsprøyta hadde knekt det verste.

Men mange som overlevde ungdomsåra, vart både 80 og 90 år gamle.

 

Redigert utdrag frå artikkelen «Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstår» Fronsbygdin 2008

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s