Dokteren som var svart på fingrane

Nokre bitar frå legenda om Christian Grønning

grønning

Doktor Christian Grønning 1946

GUNNAR LIEN: På ein plass opp for Tåkåstad budde det ein mann som heitte Lier. Han dreiv med tømmerhandel og hadde ei hushjelp som heitte Anne. Ein gong Anne var sjuk, vart det send bod på doktor Falck. Han var ei tid lege på Sør-Fron samstundes med doktor Christian Grønning. Falck undersøkte Anne og fann ut at det ikkje stod så bra til med henne. Da Falck skulle til å gå att, kom Lier etter han ut på trappa og spurde: «Men tror du virkelig at Anne er så syk at vi må få tak i Grønning?» Det var Falck sjølv som fortalde denne historia, han såg det komiske i det.

Ein stor og før eldre kar  med kvitt skjegg. Det er slik eg hugsar dokter Grønning da han kom inn gjennom døra heime en vinter eg som smågut var så forkjøla: denne opplevinga er langt frå nok til å skrive nokon artikkel om dokteren. Men eg har høyrt mykje om Grønning under oppveksten og seinare. Besteforeldra min heime kjende godt både Grønning og kona hans, og dei fortalde meg mykje. Og far min hadde skyssa doktoer Grønning mange gonger med bil når han var ute på bygda i sjukebesøk. Seinare har det slått meg kor stor merksemd denne dokteren har fått i ettertid. Alle som har hatt med han å gjera, hugsar han som eit heilt særskild menneske, både på godt og vondt. Og nå, snart 6o år etter at han er gått bort, er han framleis eit stort samtaleemne blant den eldre generasjon i bygda.

Kva kunne det  vera med dokter Grønning som gjorde at han har fåt slikt eit ettermæle?

Christian Grønning (1883-1951) hadde ord på seg for å vera ein reint framifrå dokter. Han kunne stille diagnose og lækje sjukdomar betre enn nokon annan. Han såg ikkje ut som nokon vanleg dokter på denne tida. Her var ikkje nokon nyvaska kvit legefrakk og ljos skjorte med slips under. Som oftast gjekk han kledd i ein svart vest og ei bukse som var blankslite i baken. Og ikkje var han særleg reinsleg heller. Han varr beint fram det vi kallar for ein stor slabb. Svart på fingrane som ein feiar var han av det han støtt dreiv og grov i pipa si. Når han vart bedd på trakering ved sjukebesøk, var det vanleg å leggje to dukar på bordet. Ein mørk duk vart lagt oppå den kvite for at denne ikkje skulle bli søla til.

Sjølv om Grønning var ein stribukk, sette han stor pris på at nokon sa han imot. Ein gong har var på sjukebesøk hos Ant0n Skurdal på Saga, sette kona Ågot fram eit fat med varmt vaskevatn, såpe og håndkle, slik skikken var på den tida. Da Grønning ikkje ville vaske seg, vart Ågot harm  og sa: «Ta nå og vask de på hendom du au nå, din slabb». Dette syntes Grønning var så uredd at han vaska seg vel, ikkje berre på hendene, men ôg i andletet og til og med i håret.

Infeksjon i sår hindra han ved å bruke store mengder med jod som var mykje sterkare enn den jodoppløysinga vi får kjøpt på apoteket i dag. Da Algot Haugen på Sygard Forr hadde rive av seg fingrane på den eine handa i ei hakkelsmaskin, vart doktor Grønning straks bodsendt. Og det fyrste han gjorde da han kom, var å slå ei stor tint med krutsterk jod ned i det ureine såret. Og svigerinna til Algot Haugen, Martha Gasmann, tok fram ei flaske med konjakk og skjenkte han såpass at det døyvde dei verste smertene før det bar iveg med bil til sjukehuset på Lillehammer. Der sa legane at det var Grønning si rikelege bruk av jod som hadde gjort at Haugen ikkje fekk ein alvorleg infeksjon.

Grønning var kjent for å bruke sterke nedisinar som han ofte hadde blanda sjølv. Medisin til uvortes bruk kunne svi så den brende opp huda, og den til innvortes bruk kunne vere så sterk at den gjorde skade på svelg og fordøying. Grønning tok ofte sjansar og kunne bruke middel som var heilt på kanten av det  han hadde lov til, som til dømes arsenikk. Som ofast gjekk det bra, men det kunne ôg gå gale. Som da bestefar til Igunn Engum Espeland  var alvorleg sjuk. Grønning var synleg påverka da han kom og blanda etterpå ein medisin som var så sterk at  den sjuke mannen nesten brende opp innvortes. Det gjekk ikkje lenge etterpå før han døydde, og det var truleg at denne feilmedisineringa hadde korta av den resterande levetida hans.

Dokter Grønning  hadde ord på seg for at han ofte venta litt for lenge med å sende pasientane sin til sjukehuset. Han hadde nok så god tru på sine eigne evner at han i det lengste ville prøve kva han sjølv kunne få til. Men sume såg ôg det positive i dette. Når han ikkje sende pasientane sine så ofte til sjukehuset, spara han sjukekassa for store utgifter. Men dei gongene Grønning sende pasientane sine til sjukehuset, vart det alltid lagt vekt på kva dignose han hadde stilt, for som oftast synte det seg at han hadde rett.

 

Redigert utdrag frå artikkelen «Doktor Grønning – ei legende på Sør-Fron» i Fronsbygdin 2009.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s