Erling Rolstad og den pjuskete Jacob Weidemann

JW

Den pjuskete hyttekjøparen i 1970. Foto: NRK

HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe.

Det gamle sanatoriet vart til hytter på Valseter.

Erling hadde det travelt og syntest dessutan at kjøparen såg så pjuskete ut at han neppe hadde råd til  å kjøpe seg hytte. I staden for å bli med mannen til fjells ringte han til Trygve Wadahl og spurte om han kunne vere snill og vise fram hytta. Det gjorde Trygve. Mannen kjøpte hytta der og da og betalte kontakt.

Det viste seg seinare at den pjuskete mannen var kunstmålaren Jacob Weidemann.

 

Utdrag frå artikkelen «Bulldozarmannen»i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s