Helge Stormorken fortel om barndom på 1930-talet

Veikledalen mot Kvamsfjellet. I dag ligg Kvam sentrum på flata. «Eit lysorgel».
HELGE STORMORKEN: Lysbilet haust og vinterstid i Kvam var eit anna. Om natta var det nesten ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjøs. Men det var langt frå flomljos. Det som var svart natt, er nå eit lysorgel. Les meir