Men sør-frøningane freista på å få ut han Ola og huslyden hans

Bilete frå 2004 viser eksakt kor Hamrom låg. Her er det berre hustufter og ope terreng som vitnar om slit og armod i svunne tider. Olstappen i bakgrunnen. Bruket vart fråfløtt på 1950-talet, og etter ein bytehandel med allmenningen i 1955 rydda etterkommarane på Hamrom seg nytt bruk ved sida av RV 255, ikkje langt frå Ruten fjellstue.
TORGER T. RISDAL/OLE CHR. RISDAL: Hamrom, som låg innunder Eldbjørgshaugen i Skåbu, vart rydda svært tidleg. Den fyrste rydningsmannen her var Ola Kampesæter, eller Sæteren, som var mest brukt i dagleg tale. Han Ola og ho Ragnhild vart buande på Hamrom all sin dag. Men han Ola døydde på ein stusseleg måte, og det gjekk slik til: Han hadde vore i Skåbu etter jordeple (poteter) ein dag noko seint på hausten, og det var mørkt da han rodde inn i båtdraget sitt. På vegen opp til Hamrom i tett skog hadde han nok forvilla seg, og kome bort frå vegen. Han hadde kome for langt nord, der det er eit fleire meter høgt svaberg. Der hadde han gått seg utfor i mørke, og dei fann han død nedunder berget dagen etter.