God jul med slaktesjau og bakstekjerring

Eit historisk fredeleg juleønske med minne som Eldrid Listad skreiv frå si tid som styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove:

I god tid før jul skulle det slaktast. To store grisar stod feite i fjoset. Slaktar og slaktarkjerringa kom til gards, og store mengder kjøttkaker og innmatkake vart lagt ned på glas og hermetisert. Skinke vart salta på stabburet, og ribbe og andre ting vart plasserte i fryseriet på Lillehove.

Etter slaktesjauen kom bakstekjerringa, og store haugar med flatbrød og lefse vart laga. Lukta av nybakt lefse fekk mange til å rusle ein tur til bryggjarhuset for å få sjå baksten.

Julotta midt på dagen var det sylte, lefse og mjølkegryn. Utpå ettermiddagen kom presten Sverre Hov og heldt juleandakt. Andakta vart halden i 2. etasje grunna troppa.

Julemiddag var ribbe, pølse, heimelaga øl og riskrem. Maten vart servert nede i spisesalen og i 2. etasje. Etterpå var et kaffi, kaker og alle fekk kvar si julegåve av “hjemmet”.

Sett med dagens augo var dette svært enkle kår. Men ein ting treng vi kanskje ikkje gløyme, at dei som var gamle den tida, ville ha det slik, Stats og glitter var ikkje noko vilkår for trivnad og velvære og for å ha det godt.

Publisert her første gong 23.12.2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s