Nye skot på gammal rot. Del 1

Spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 20 år sidan

Her kjem del 1 av programma Nye skot på gammal rot som gjekk på NRK i 1995, og her er kommentarane til Rasmus Stauri på plass. Det andre programmet vart lagt ut førre laurdag.

Hausten 1974 sette Anton Amundgård frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu i gang eit pionerarbeid for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko. Etter Landskappleiken på Oppdal i 1974, bestemte desse karane seg for å byrje med feleopplæring same hausten. Dette skulle skje på grendehuset Øvertun i Sør-Fron, og allereie første kvelden møtte det opp 15 ivrige ungar. Etter kvart vart det med langt fleire, og i 1977 vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Eventyret var eit faktum. I dag veit vi at Sør-Fron er det laget i Noreg som kan smykke seg med flest titlar.

 

1424293_407678432668917_66718700_n

Frå feleopplæringa på Sør-Fron. Dette er henta frå ein Peer Gynt-kappleik på Vinstra (Vinstra vidaregåande skule) på slutten av 1970-talet. Frå venstre: Tore Listad, Øystein Rudi, Arne Risdal (leiar), Morten Hvattum og Svein Sletten. Foto: Oddmar Myrum.

416746_10151211079823900_951800394_o

Bak frå venstre: Arne Risdal (leiar/instruktør), Britt Sofie Haugen (Almås), Kari Åse Tvete (Hernæs), Nina Valberg (Nordrum), Liv Korstad, Tormod Rudland, Edgar Løkken, Anton Amundgard (leiar/instruktør). Foran frå venstre: Østen Hvattum, Erik Bjørke, Sigmund Lie og Jon Korstad.

I

c3b8vertun1

Dette bildet er frå Øvertun i 1976. Fremst sit leiarane Arne Risdal og Anton Amundgård. Bak frå venstre: Erik Bjørke, Arne Listad, Ola Listad, Øystein Skotte, Jon Håvard Brandvol, Kristin Veskje og Liv Jorunn Korstad. Året etter vart Sør-Fron Spelemannslag stifta. Seinare begynte A. Amundgård med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. A. Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal.

juniorspelle

Øvst til venstre: Ola Listad, Anton Amundgård, Arne Risdal, Østen Hvattum. I midten: Tormod Rudland, Nina Valberg Nordrum, Kari Åse Tvete Hernæs, Jon Korstad. Nedre rekkje: Erik Bjørje, Arne Listad og Sigmund Lie. Frå 1981.

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s