Spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 20 år sidan
Her kjem del 1 av programma Nye skot på gammal rot som gjekk på NRK i 1995, og her er kommentarane til Rasmus Stauri på plass. Det andre programmet vart lagt ut førre laurdag.
Hausten 1974 sette Anton Amundgård frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu i gang eit pionerarbeid for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko. Etter Landskappleiken på Oppdal i 1974, bestemte desse karane seg for å byrje med feleopplæring same hausten. Dette skulle skje på grendehuset Øvertun i Sør-Fron, og allereie første kvelden møtte det opp 15 ivrige ungar. Etter kvart vart det med langt fleire, og i 1977 vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Eventyret var eit faktum. I dag veit vi at Sør-Fron er det laget i Noreg som kan smykke seg med flest titlar. Les meir