NRK har gull i sine arkiv

Dølen tar opp ein interessant sak

skjermdump201

Bilde frå NRK sitt program «Nye skot på gamal rot». Foto: NRK

Dølen har fanga opp at historielaget legg ut gamle NRK-program på denne heimesida og lagar ein interessant sak. Distriktsjefen i NRK Hedmark og Oppland, Inger Johanne Solli, seier til avisa at NRK ønskjer å gjere mykje av arkivet sitt tilgjengeleg for publikum. -Og vi har ei avtale med opphavsrettsorganisasjonen NORWACO om at NRK kan legge alt arkivmateriale frå radio og TV frå før 1997 på nett, og bruke det verderlagsfritt om att i TV og radio.

Avtala mellom NRK og NORWACO gjeld nokre år fram i tid.

– Men det er altså knytt opphavsrettsavtaler til veldig mykje av NRK-arkivet, det er jus, noko ein ikkje sjå bort frå, så det er ein lang veg fram til at alt er tilgjengeleg for publikum, legg Solli til.

I helga delte vi klipp frå midt på nittitalet om tradisjonsmusikk og forteljartradisjon her på sida.

Carl Henrik Grøndahl, som driftar historiebloggen til Fron Historielag, seier til avisa at for heimesida til historielaget er NRK-arkivet ein verkeleg skatt – og ein uvurderleg dokumentasjon. NRK sit på gull i sine arkiv, svært mykje av vår historie lever der. Da programma vart laga, var dei kanskje ikkje så spesielle, men 20 seinare er det verkelege godbitar – som gir oss attende liv vi har glømt og bilete som er vorte borte for oss

– Over 7000 har sett folkemusikkprogrammet vi la ut, på Facebook. Eg trur det er rekord. På heimesida er det så langt lest og sett av over 800, blant dei mest leste, fortel Grøndahl.

Dølen skriv ôg om videokonkurransane til historielaget:

Vil ha filmar frå Fron

For Fron historielag er historiske filmar ein ting. Dei ser også gjerne at frøningane bruker filmmediet til å fortelje historiar.

– Historielaget forsøker å få frøningane igang med å fortelje historie og dokumentere på video. Idag vil det slike videoar fortel, kanskje vera velkjent for mange. Om 20 år er det skattar. Kor mange ganger har du tenkt at: «Å, vi skulle ha snakka med ho bestemor og spurt ho om så mangt før ho døde. Nå er det for seint». Med video har du den moglegheita nå. Og det er svært enkelt. Det held å bruke ein stødig mobiltelefon som kamera, seier Carl Henrik Grøndahl.

Fron historielag arrangerte videokonkurranse i 2014, og tre deltakarar var med. Men i 2015 var det ingen som ville vera med på historielaget si videokonkurranse.

– Vi trur det er fordi frøningane ennå ikkje heilt har fått taket på kor enkelt det er og kor verdifullt det er. Det er slett ikkje umogleg at historielaget prøver på nytt neste år.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kommunikasjon, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s