Monthly Archives: desember 2015

Takk til alle 72 222

Ny rekord for denne heimesida i 2015

Skjermbilde 2015-12-30 kl. 19.08.12

Fron historielag var i godt lag i 2015 – og takk til alle for samvær på nettet med interesse for lokalhistorie i Fron. Artiklane og bilda på denne sida vart lesne og sett nær på 153 000 gonger. Tilsvarande tal for 2014 var 151 000. Sida hadde over 72 000 besøkande – mot 59 000 i fjor.

Den mest lesne artikkelen har faktisk vore på nettet i bortimot to år: Eivind Holens «Vis-Knut spådde rett». Den vart lesen 5564 gonger. Johan Dalsegs «Døden tapte kampen i myrholet» kjem som nr 2, 2206 klikk. Ivar Svelles «Ho vart aldri som ho skulle att» på tredje plass.

Av lesarar som vandrar til sida frå andre nettstader, kjem flest frå Facebook, men ôg mange frå ikvam.net og vinstra.no.

Flest nordmenn, men 7572 besøk frå USA og 1295 frå Sverige.

Godt nyttår til dykk alle og vel møtt i 2016!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

-Ingenstann va de så fritt som på Hamrom

Men sør-frøningane freista på å få ut han Ola og huslyden hans

hamrom

Bilete frå 2004 viser eksakt kor Hamrom låg. Her er det berre hustufter og ope terreng som vitnar om slit og armod i svunne tider. Olstappen i bakgrunnen. Bruket vart fråfløtt på 1950-talet, og etter ein bytehandel med allmenningen i 1955 rydda etterkommarane på Hamrom seg nytt bruk ved sida av RV 255, ikkje langt frå Ruten fjellstue.

TORGER T. RISDAL/OLE CHR. RISDAL: Hamrom, som låg innunder Eldbjørgshaugen i Skåbu, vart rydda svært tidleg. Den fyrste rydningsmannen her var Ola Kampesæter, eller Sæteren, som var mest brukt i dagleg tale. Han Ola og ho Ragnhild vart buande på Hamrom all sin dag. Men han Ola døydde på ein stusseleg måte, og det gjekk slik til: Han hadde vore i Skåbu etter jordeple (poteter) ein dag noko seint på hausten, og det var mørkt da han rodde inn i båtdraget sitt. På vegen opp til Hamrom i tett skog hadde han nok forvilla seg, og kome bort frå vegen. Han hadde kome for langt nord, der det er eit fleire meter høgt svaberg. Der hadde han gått seg utfor i mørke, og dei fann han død nedunder berget dagen etter.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn, Verksemder

Dei ugudelege frøningane

Misjonsforeiningane arbeidde for heidningmisjonen, andre for indremisjonen. I Skåbu arbeidde dei for eiga kyrkje og kyrkjegard. Oppførd i 1927.

RAGNAR ØVRELID: Etter det vi kan lese oss til, har det religiøse livet i Fron aldri stått sterkt. Framover til 1800-talet ofra fronsbygdene mykje på kyrkjene, men prestar og andre embedsfolk klaga over kor lite folk i Fron brukte gudshusa. Det er vel ikkje heilt tilfeldig at Fron var blant dei bygdene Hans Nilsen Hauge aldri besøkte, eller at Eilert Sundt i 1850-åra rekna fronsbygdene som særleg forderva. Distriktslegen gir i 1883 frøningane denne karakteristikken:

Hestehandlermoralen og kremmeruvesenet med deres følgesvenne brennevinsdrikk og kortspil, vantro og gudløshet fremkaller en høy grad av hensynsløshet overfor nesten. Gudbrandsdølenes interesser synes ikke å strekke seg synderlig utenfor politik og heste.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Framleis tid før jul

pris.jpg

Mangt å lese og koma i hug i Fronsbygdin 2015

Her kan du sjå hva boka i år inneheld. Vil du lese kva Dølen meiner om Fronsbygdin? Kari Bay Haugen rapporterer frå lanseringa her. Vil du vere med Per Tofte i Nidarosdomen? Eller Vemund Hagen opp til Litjgardskarane? Du finn mykje godt stoff å kose deg med i Fronsbygdin 2015. Du får boka hos Libris Vinstra og i dei fleste daglegvarebutikkane. Eller du kan tinge ho hos Marit Taarud Kirknes: taarud@online.no

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Nye skot på gammal rot. Del 1

Spelemenn, songarar og dansarar i Fron for 20 år sidan

Her kjem del 1 av programma Nye skot på gammal rot som gjekk på NRK i 1995, og her er kommentarane til Rasmus Stauri på plass. Det andre programmet vart lagt ut førre laurdag.

Hausten 1974 sette Anton Amundgård frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu i gang eit pionerarbeid for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko. Etter Landskappleiken på Oppdal i 1974, bestemte desse karane seg for å byrje med feleopplæring same hausten. Dette skulle skje på grendehuset Øvertun i Sør-Fron, og allereie første kvelden møtte det opp 15 ivrige ungar. Etter kvart vart det med langt fleire, og i 1977 vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Eventyret var eit faktum. I dag veit vi at Sør-Fron er det laget i Noreg som kan smykke seg med flest titlar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Verksemder

En megge det stod respekt av

John Mæhlum om bestemoren Anne Steig, f. Waalen, 1790-1867

Steig1930

JOHN MÆHLUM i 1919: Min bestemor på Steig var en mer enn alminnelig dyktig kone, driftig til overmål, streng og påpasselig i smått, og stort. Det var en megge som det sto respekt av. Jeg kan erindre hvor det klokk i oss når bestemor kom med sitt bestemte ‑jaujau.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Vømmølsbroka vart mobba

Og heimsmør var for fint til å eta heime

vømmøl

Vømmølsbroka i sitt rette element. Foto frå Digitalt museum

HELGE STORMORKEN: Da eg begynte på Eidsvoll landsgymnas, reiste eg i ei heimvoven vømmølsbrok. Ho var så tjukk og stiv at når ho var gjennomvåt, kunne eg reise ho opp etter veggen. Etter eit døgn datt ho i hop og kunne brukast att. Men press tok ho ikkje, sjøl om ho låg under madrassen kvar natt (det var finare forhold der, ikkje halm.) Mobbing gjorde at ho ikkje overlevde fyrste året. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

NRK har gull i sine arkiv

Dølen tar opp ein interessant sak

skjermdump201

Bilde frå NRK sitt program «Nye skot på gamal rot». Foto: NRK

Dølen har fanga opp at historielaget legg ut gamle NRK-program på denne heimesida og lagar ein interessant sak. Distriktsjefen i NRK Hedmark og Oppland, Inger Johanne Solli, seier til avisa at NRK ønskjer å gjere mykje av arkivet sitt tilgjengeleg for publikum. -Og vi har ei avtale med opphavsrettsorganisasjonen NORWACO om at NRK kan legge alt arkivmateriale frå radio og TV frå før 1997 på nett, og bruke det verderlagsfritt om att i TV og radio. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kommunikasjon, Musikk

-Dæ e frå Gausdal alle nye mote kjøm

Ord som lever etter´n Lars Dalshaugen

vengjemaur

-Eg tenkjer meir medan eg søv hell du medan du er vakjin, din vengjermaur. Og vengjemaurnamnet festa seg ved han for levetida. Foto: skogoglandskap.no

IVAR KLEIVEN: Lars Dalshaugen frå Skåbu var ein godkar, og det hende nok at han kom i krangel og gjorde ein slåstkule, men han sto ikkje etter å slåst. I eksesisen var det ein løytnant i Kvam som var så utgjordt på å dragast med soldatane, han skjønte dei var godkarar og han ga seg ikkje før han fekk prøve seg på Lars Dalshaugen. Denne løytnanten heitte Leth, og Lars tok han som ein halmsekk og kasta han borti ein lortdam:

Har´e bennande dø! – Kå lett du va!

sa´n Lars. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Ta farvel med gammelvegen

oppslagE6.jpgKorleis blir framtida for midtdalskommunane nå med ei ny hovudfartsåre gjennom dalen? Geir Paulsrud har skrive historia om vegen på ein slik måte at det er ei glede å ferdast både i tid og i rom. Du kan ta farvel med gamle E6 i Fronsbygdin 2015. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk, Litteratur