Da Kari Hågå vart borte

Litt seinare – etter at Kari Hågå vart funne att. Mjølkebilen er ved Nordgard Tokse si seter på Fiskdalen. Frå venstre: Astrid Byrløkken, Rønnaug Furuli, Karen Kluften, Ivar Kluften, Marit P. Brandvold og sjåføren, Torvald Slåstuen. Foto: Pål Kluften-bilde.

IVAR KLEIVEN: I Nestugun Hågå vart eine dattera på garden innteke frå setra deira i Fiskdalen. Ho var berre svært ung den gongen og var underbudeie om somaren. Det leid på hausten, så molta tok til å bli gjord, og så var det ein dag båe budeiene hadde lokka kua oppi fjellet, ho Kari Hågå vart borte på heimvegen. Den andre budeia la ikkje større merkje til det med det same, for ho tenkte, at ho Kari hadde gitt seg til å hente molte, eller noko anna ho hadde hefta seg med. Men da ho ikkje kom til setra att, vart det oppstuss og leiting, kann ein veta. Bror hennar, Per Hågå, fann ho att ved Liahaugen, der låg ho tett innåt ein bergvegg og var liksom så vel fråseg lagt, men ho såg ut til å vera livlaus da han fann ho. Men ho kom seg att meir og meir da det leid om ei tid, og ho hadde ikkje fått nokon skade eller noko mein, korkje på kropp eller sjel. Men korleis dette hende, bar til eller gjekk for seg, kunne ho ikkje fortelja den minste ting om; det var som ho skulle vore borte frå verda hele tida og kunne ikkje minnast ei grann.

Frå Fronsbygdin 1930. Publisert her første gong 29. oktober 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s