Daily Archives: 5. november 2015

Frøningen som fekk seg skuss heim

hestehode

Hesten avstad, så det ylde og pipa kring øyro

Ein frøning var på Kongsbergmarknaden og hadde selt hesten sin, ein gild tråvar. Om kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde få seg losement til natta. Da kom det køyrande ein framandkar etter han. Han stana hesten og spurde om frøningen ville heimatt, så skulle han få køyre. «Akk nei, eg har nok lang veg heimatt eg, så det er nok ikkje tenkje på i kveld,» svara han.
Men framandkaren stod på sitt same, han, at frøningen kunde berre setje seg oppi, så skulle han få køyre radt heim.

«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime oppi Gudbrandsdalen,» svara frøningen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru