Monthly Archives: oktober 2015

Basen etter Pål Kluften på motorsykkel

Pål Kluften med fele. Basen hans fekk seg ein tur.

HARALD RUDI: Den gamle kontrabasen etter Pål Kluften var i bruk i ulike samanhengar. Instrumentet er stort – det er vanskeleg å handtere under transport og med skiftande temperaturar. Ved eit tilfelle gjekk det ikkje betre enn at det synte seg sprekk i ein sarg. Instrumentet tok til å skurre på visse tonar, og vart heller ubrukeleg. I heimbygda fanst mange flinke benksnikkarar, men det var knapt nokon som hadde ein kontrabas i verkstaden sin. Men gjennom ymse kontaktar inna spelmannsmiljøet fekk eg nyss om ein felemakar i Ottadalen. Han hadde godt ord på seg, og det han visste om godt felemakeri kunne koma til nytte i ein såra kontrabas. Etter å ha fått kontakt, kunne eg førebu med på å reise til han på Lalm. Men det var langt mellom bilane på femtitalet. Transporten vart eit problem. Men etter ei tid vart det ei  løysing.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Hans H. Lie og hans søsken

HHLIe30. september spurte Marit Holm om noen kunne hjelpe henne med å finne søsken til fotografen Hans. H. Lie. Ove hjelper henne:

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Informasjon, Menn

’n Thorvald byggje’….

Thorvald Isum var en gründer ved siden av å være bonde, Her står han til høyre i bildet sammen med folket på garden.

Thorvald Isum var gründer ved siden av å være bonde. Her står han til høyre i bildet sammen med folket på garden.

ASBØRN RINGEN: – ’n Thorvald byggje, og ho Pauline græt, ble det sagt av enkelte, for det var ikke bare fryd og gammen å være industripionér. Thorvald Isum hadde overtatt garden etter bror sin i 1900. Sør-Fron hadde seks små sagbruk i 1880, det ene i Fossåa i Lia. Også der ble det etter hvert kombinasjon med mølle. Det var den svært foretaksomme Thorvald Isum som satte i gang mølla i 1908. Han var ordfører i Sør-Fron og samtidig ordfører i forstanderskapet i banken. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Bjørnen på Jostugusalen

53283_119993818065255_8263221_o

Jostugu låg opp frå elva Augla i svingen vest for butikken.

GUNNAR LIEN: I Jostugun var det alltid folk som rak innom for å få seg ein kaffikopp og slå av ein prat. Særleg var det populært blant karane å spela kort om kaffi. Det var nok mest kortspela 101 og 5-kort det gjekk i. Og oppe i andre høgda, på Jostugusalen, vart det arrangert dansefestar. Pipa stod midt i huset slik at dansen gjekk rundt pipa. Men Mathea som var stor og før, kunne vera ei ganske så bestemt vertinne. Det vart sagt at på ein ball eingong var det to karar som rauk i hop og slost. Da vart Mathea så harm at ho tok ein under kvar arm, og bar dei med seg ut på garden. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Per Tofte i Fronsbygdin

pertofteprest

Per Tofte var den første Peer Gynt ved Gålåvatnet. Dei siste to åra har han spela presten i femte akten. I Fronsbygdin 2015 fortel han om  livsreisa si.  Foto: Carl Henrik Grøndahl

Skodespelaren Per Tofte har skrive spissartikkelen i Fronsbygdin 2015, som blir lansert på Rudi gard torsdag 29. oktober. Han fortel om sitt eige liv på scena i inn- og utland, heilt frå han debuterte i 1963 på Trøndelag Teater. Tittelen på artikkelen er Frå Steingeilen til Champs Elysées. Mellom desse ytterpunkta har Per Tofte levd det meste av livet sitt. Han har spelt ved fleire teatre i tillegg til ei rekkje filmar og tv-seriar, og han blir ikkje minst hugsa som den fyrste Peer ved Gålåvatnet frå 1989. Det er ei fascinerande livreise han fortel om i denne rikt illustrerte artikkelen. Du kan få boka på lanseringa. Det er mykje å kose seg med her.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn